Eg har gått på ein smell igjen. Hurra!
Eit lite utval av samlinga av hobbybøker.Foto: Laila Walseth Lid

Eg har gått på ein smell igjen. Hurra!

Det skjer kvar februar. Alle mine økonomiske og fornuftige sider forlét meg saman med sjølvinnsikta for eigne talent. Det er bøker på tilbod!

Eg gler meg i månadsvis og det har eg gjort så lenge eg kan hugse. Eg er vaksen opp med bøker i alle variantar og sjangrar, og har nokre hundre timar bak meg både på bibliotek og i bokhandlar. Lukta av bokkjellaren på Haugen Bok i Volda er ein absolutt favoritt blant barndomsminna.

Mammutsalet er kanskje bokbransjens sterkaste merkenamn og byggjer på ein tradisjon som går meir enn 130 år tilbake. Sjølve namnet vart lansert i 1964, men ifølgje forleggerforeningen.no veit ingen sikkert kvar det kjem frå. Det som er sikkert, er at tusenvis av bokinteresserte trekkjer til bokhandlane i løpet av desse to salsvekene kvart år.

For vi går framleis i bokhandelen. Bokhandlerforeningens halvårlege undersøking viser at den fysiske bokhandelen har styrkt posisjonen sin som kanal for bokkjøp dei siste 15 åra. 63 prosent kjøpte si førre bok i ein bokhandel, medan 17 prosent handla bok på nettet. 57 prosent seier dei vil handle i bokhandelen i framtida.

Eg er altså langt frå åleine om å feire både julaftan og bursdag i februar. Eg gløymer tid og stad i det eg går inn bokhandeldøra, og gler meg over det store utvalet. Og eg let meg underhalde av alt det går an å skrive bok om. Frå 2010 til 2014 vart det gitt ut 46 953 bøker i Noreg. I 2015 var 70 000 bøker i sal gjennom bokhandlane. Alt frå ved, knutar, bål og kål til graut, pjolter, bacon og lakris har fått eigne bøker. Det finst ingen grenser for kor smale og rare tema ein kan fylle ei heil bok med.

Og kanskje er det nettopp noko der. At ein rett og slett blir inspirert av å sjå alt det faktisk finst bøker om. I handlekorga mi ligg det alltid minst ei bok om noko eg ikkje anar noko om. Draumen om ein ny og lidenskapeleg hobby kan brått gå i oppfylling. Så får eg heller leve med ei og anna krasjlanding. Det blir gode historier av slikt, og erfaringar å dele raust av. Eg tilrår til dømes ikkje å strikkedebutere med selbuvottar. Ekte Late hagar ser ikkje ut som på bileta i boka. Og rosemåling? Respekt! Stabelen av hobbybøker heime vitnar om at hobbyen min kanskje først og fremst er å investere i nye hobbyar. Den neste er den beste som Kjetil André Aamodt skriv. Og no er det altså nytt år og ny vår, og eg har trua!

Både den første og den andre handelen er i boks, no gjeld det berre å finne ei god forklaring til litt naudsynt fråvær i småbarnskvardagen. Eg har merka meg boka Jeg skal bare ut i boden en tur

Laila Walseth Lid, 19.2.2016

Kjelder:

Språkfakta 2015
forleggerforeningen.no
bokhandlerforeningen.no

 

Les fleire blogginnlegg her