Det var du som byrja

Det var du som byrja

Heime hos oss har borna uklipte negler, dei kranglar, leikar i klatrestativet utan tilsyn, ser for mykje TV, nektar å ete grønsaker og et av og til godteri sjølv om det ikkje er laurdag. Og om kveldane les vi for dei, så ofte vi kan.

Eg jobbar i Ivar Aasen-tunet, og kan lett kjøpe og låne gode nynorske barnebøker med meg heim. Vi har ein super, nynorsk bokhandel og eit bibliotek med mange nynorske barnebøker. Desse les vi for borna slik dei er skrivne, på normert nynorsk. Og, når vi orkar, omset vi bøker frå bokmål til nynorsk medan vi les. Tanken er at dei skal bli vane med å høyre og lese sitt eige skriftspråk frå dei er små. Dette skal ikkje kjennest framand for dei når dei etterkvart tek til på skulen, og skal lese og skrive nynorsk.

For nokre kveldar sidan sat eg saman med dotter mi på fem år og las. Vi las boka Bestevenner om to gutar som kranglar og tek til å slost. Læraren i boka grip inn og skil gutane:

«Det var du som byrja!» ropar gutane i kor og peiker på kvarandre.»

Dotter mi avbryt meg: «Mamma, der las du byrja, det betyr begynte. Dei kranglar om kven som begynte»

For meg var dette ei stadfesting på at noko av det vi gjer er lurt og rett. Det er bra å gje borna eit høgfrekvent møte med nynorske barnebøker og nynorsk språk.

Det er ikkje til å kome vekk frå at mange av orda borna møter i skriftspråket skil seg frå dei orda born i 2015 brukar i daglegtalen og orda dei er vane med å høyre. Men det betyr ikkje at orda er vanskelege. Dei må berre høyre orda ofte og lære å tolke kva dei betyr ut frå samanhengen.

Borna møter ikkje mykje nynorsk gjennom fjernsyn og andre media, men vi har sjølve ein gyllen sjanse til å gje dei dette møtet gjennom litteratur, songar, rim og reglar. Og mi erfaring er at borna mine gjerne vil høyre både bøker og songar oftare enn eg orkar å lese og synge for dei.

Ingeborg Mjør har laga ei liste over 8 tips for ei nynorsk skriftspråkstimulering i barnehagen. Desse tipsa kan vere nyttige langt ut over barnehagealder. Og kanskje går det an å ta dei i bruk heime også?

Liv Astrid Skåre Langnes, 9. oktober 2015 

 

Barnelitterær formidlingsfest

Torsdag 15.oktober feirar vi den gode, nynorske barnelitteraturen i Ålesund for dei som arbeider med barn og bøker. Vi har kalla feiringa «Klart vi les! Barnelitterær formidlingsfest». Der vil vi presentere gode, nynorske barnebøker, ulike måtar å formidle litteratur for born og vise kva som er litterære kvalitetskriterium i gode forteljingar for born. Vi vil også få eit møte med forfattar og illustratør Kari Stai som mellom anna har skrive og illustrert dei populære bøkene om Mopp og Mikko og Jakob og Neikob. 

Den nynorske litteraturen er barnevennleg, god og fortener ei feiring. Vi gler oss til «Klart vi les! Barnelitterær formidlingsfest» ved Ålesund bibliotek den 15.oktober. Velkommen til fest!