Det er måten du seier det på
Foto: Foto: Flickr.com daliscar1 CC BY 2.0

Det er måten du seier det på

Det finst eit TV-show for det meste. BBC har eit humorshow der alle spørsmåla er basert på statistikk. Sist eg såg “8 out of 10 cats” hadde dei det moro med arbeidarklassen sin aksent, eller uttale.

Konseptet er enkelt, og liknar på ei av standardoppgåvene i «Nytt på nytt» der eitt ord er sladda frå ei utsegn. Kva eller kven?

Spørsmålet denne gongen var: “86% av næringslivsleiarane i Storbritannia meiner KVA ELLER KVEN er ein ulempe i næringslivet.” Og slik det gjerne er i den type program, kjem det først nokre humoristiske og litt på sida forslag, før det rette svaret blir servert. Her var det ikkje noko unntak. Då svaret kom – arbeidarklasseaksent – lo paneldeltakarane litt, og så var dei klare for neste spørsmål.

Kanskje er eg uvanleg hårsår på britisk arbeidarklasse sine vegner, men eg syntest faktisk dette var eit hårreisande høgt tal, sjølv til Storbritannia å vere. Det at ingen av humoristane i panelet slo ein vits på næringslivsleiarane sine haldningar, var med på å segmentere dette som heilt akseptabelt.

Eg undersøkte saka litt nærmare, og fann ut at den aktuelle spørjeundersøkinga hadde fleire aspekt. Mellom anna konkluderte den med at halvparten av dei same næringslivsleiarane meinte at såkalla “posh” uttale ikkje var ein fordel om du skal lykkast i næringslivet. Det kan sjå ut til at Medel-Svensson har erobra Storbritannia.

Eg skal ikkje påstå at aksent og dialekt er eit heitt tema hos britane, men noko skjer også der. Arbeidsminister Esther McVey sa i fjor at “ingen burde føle behov for å nøytralisere uttalen sin for å kome seg fram i livet”. Ho er sjølv frå Liverpool, og veit nok kva ho snakkar om.

– Alt for lenge har folk vore nøydde til å tilpasse eller gi slepp på aksenten sin av frykt for førehandsdøming eller for å passe inn. Dette har ført til mangel på regionale aksentar som igjen held oppe denne arrogante stereotypien og fordomsfulle haldningar, sa McVey til nettstaden Buzz Feed. – Dette er ofte den kvite elefanten i rommet som vi framleis ikkje snakkar om, men eg meiner det er ein debatt vi må ta, sa ho.

Og nokon tek det opp. Mellom andre Dr. Alexander Barretta ved Manchester University. Han gjennomførte i 2014 den første undersøkinga i Storbritannia som tek opp spørsmåla om kvifor folk endrar uttalen sin, og kva det gjer med dei. – Ein kan ikkje undervurdere kor viktig aksenten er. Det å endre den kan undergrave sjølvkjensla, seier Barretta. Han meiner at dei som må tilpasse aksenten på jobb er ein annan person når dei kjem heim. Det å døme andre etter aksenten er svært likt rasisme, slår han fast.

Dette er det fleire som bør få med seg. For sjølv om situasjonen i Noreg er ein heilt annan enn i Storbritannia – mykje takka vere Ivar Aasen – er det ikkje fritt for dialektal overklasse her heller. Eg nemnde «Nytt på nytt» i stad, og der har vi meir enn ein gong vore vitne til at programleiaren kommenterer måten ting blir sagt på framfor det som blir sagt. Men berre om det er gjestar som kjem utanfrå den usynlege ringen rundt Marienlyst.

Dette burde ikkje vere gangbar mynt, heller ikkje i dialektriket Noreg.

Gaute Øvereng, 27. mai 2016

Kjelder:  

http://www.management-issues.com/news/2000/a-posh-accent-will-no-longer-help-you-up-the-greasy-pole/

http://www.theguardian.com/uk-news/2014/jul/14/do-accent-matter-modern-britain

http://www.theguardian.com/commentisfree/2015/jan/22/accents-altered-speak

http://www.telegraph.co.uk/news/politics/conservative/11361479/People-should-not-be-held-back-by-their-accents-says-Esther-McVey.html