Den store praten
Foto: iStockphoto.com

Den store praten

Som mor registrerer eg at samtaleemne rundt kropp og sjel ikkje har blitt noko særleg mindre flautt sidan eg var tenåring sjølv. Ja, eg kan tøyse om gutar og klining, men arvingen synest ikkje det er noko gøy i det heile tatt.

Så kva gjer ein? Kva språk skal ein bruke for å nå fram med ein bodskap som er såpass kjenslevar? Og kor mykje vil ein at borna skal få vite, og til kva tid? Ein ting er dei fysiske sidene av det å bli vaksen, men også tema som vener, einsemd, familie, skilsmisse, gruppepress og mobbing er viktige.

Då eg gjekk på barneskulen minnest eg vagt at læraren fortalde oss korleis born blir til. Eg hugsar ikkje nøyaktig orda han brukte, men det var ein mellomting mellom blomster og bier og dei faktiske namna på kroppsdelane.

Noko meir enn det har ikkje vore sagt om temaet verken i heimen eller på skulen sidan den gongen. Ord som forelsking, klining, bli kjend med din eigen kropp eller kjensler var noko som du berre kviskra om saman med vener. Trond Viggo Torgeresen hadde rett nok ein serie på fjernsyn om kroppen vår, men det blir aldri kult å sitje i same rom som foreldra når temaet er nakne kroppar og sædceller. Ikkje ein gong når sædcellene blir framstilt som eit tau med knute på.

Ein evfemisme er ei omskrivingform der ein forfinar ord for at dei skal høyrest mindre farleg ut. Dette kan vere noko ein nyttar for å unngå ubehagelege emne, tabu, obskønitetar med meir. Når ein uttrykkjer seg biletleg på ordnivå, kan døme på dette vere bruk av ordet rose i staden for elskov. Her kan ein vere ganske kreativ i samtalar om meir eller mindre flaue tema, men eg har ikkje heilt trua på dét heller.

Om ein vil hoppe over roser, bier og tauknutar, og likevel treng litt hjelp på dette området, kan ein no få det i form av faktaboka: Verdas viktigaste bok. Om kropp, kjensler og sex. Eg må innrømme at eg heva augebryna eit par gongar då eg blada gjennom boka første gongen. Men etter kvart tenkte eg at ja, dette er bra! Det er bra det kjem eit alternativ til alt dei ser på internett eller blir fortalt. For eg er ikkje så naiv at eg ikkje trur dei finn ut av dette sjølv, men måten dei finn ut av det på er viktig. Språket er viktig. Her trur eg dei kan kjenne seg igjen utan å bli tatt i skule, eller at dei lærer noko som ikkje er bra for dei.

Denne boka handlar om alle dei tabu og ubehagelege emne som både eg sjølv og dottera vil sleppe å ta over kjøkenbordet, og som dei aldri vil lære på skulen. Boka handlar om kva som skjer i puberteten, jentetiss og gutetiss, at jentete- og gutete er konstruert, urettferd, kven eg er, pinlege ting, venskap, kjærleik og sex. Og det eg tenkjer som er like viktig å lære om som dei ulike fysiske sidene av det å bli vaksen, er tema som vener, einsemd, familie, skilsmisse, gruppepress og mobbing. Tema som nei-kjensler og ja-kjensler, grensesetting, tvil, kva som er likestilling, når ein kjenner at ein ikkje er som alle andre og kva ein skal gjere om ein kjem i ein av desse situasjonane. Det er så viktig at borna våre får lære om dette.

Evfemismar er det altså totalt fråvær av i boka. Her finn ein ikkje setningar som til dømes roser i bløming eller tauknutar. Her er det rett på sak med ord og uttrykk, i tillegg til teikningar. Romslege, gode teikningar som illustrerer kropp og kjensler på ein fin måte. Med denne kan born og vaksne gøyme seg i ein krok og lese i ro og fred, og eg trur vi vaksne også kan lese og lære noko her.

 

 Siri Beate Gjerde 9.9.16