Den magiske tida
Foto: iStockphoto.com

Den magiske tida

Å snakke lærer vi utan formell undervisning. Å lese og skrive krev derimot eit heilt anna opplegg. I desse dagar startar fleire tusen førsteklassingar på det løpet som skal leie fram til ein kompetanse som praktisk talt vil vere livsviktig.

I går var eg på foreldremøte for førsteklasseforeldra. For nokre var det første gongen, for min del har eg fått litt rutine i det. Eg veit kva som kjem, og eg veit at det er viktige ting. Gjennomgang av kor viktig det er med nok søvn, godt kosthald, og gode rutinar, både i klasserommet og i heimen – og det er nyttige påminningar i ein hektisk kvardag.

Alt dette ligg til grunn for den store oppgåva som ligg framfor både lærarar, foreldre og førsteklassingar: Dei skal no lære å lese.

Eg hugsar ikkje kva tid eg sjølv knekte lesekoden, men eg hugsar at det var utruleg spennande å byrje på skulen. Det var rett og slett høgtidsstund, og den første dagen kjendest vel meir eller mindre som ein slags draumeliknande tilstand. Mange nye andlet, nye vener, og kanskje litt mindre fridom enn i barnehagen. Det er mykje som skal på plass i overgangen frå barnehage til skule, og oppi det heile skal ein altså byrje på den systematiske opplæringa av lese- og skriveferdigheita, som kjem til å vere så viktig for korleis det går seinare i livet.

Veldig enkelt og skjematisk kan ein seie at lese- og skrivekunna i dag er viktigare enn nokosinne. Vi lever i eit samfunn som er gjennomsyra av skrift, og baserer oss i stadig mindre grad på primærnæringane. Men sjølv om du skulle vilje ta eit anna karriereløp enn å studere teoretiske fag på universitetet, treng du likevel gode basisferdigheiter i lesing og skriving.

Dette har å gjere med ei stadig aukande teknifisering av samfunnet, der ein må kunne orientere seg lett og ledig gjennom skriftmediet. Tidlegare var det nok i større grad slik at ein kunne ta sjansen på å reise på sjøen, og ein trengde ikkje nødvendigvis vere den beste lesaren og skrivaren då. I dag er dette risikosport. I dette ligg det sjølvsagt ei tristesse, for mange av oss er jo laga slik at vi er best skapte til å drive med praktiske yrke.

På foreldremøtet fekk vi innføring i eit system som blir brukt av mange skular for å kartleggje kvar eleven ligg i leseløypa, nemleg Systematisk Observasjon av Lesing (SOL). Dette er eit verktøy der ein blir plassert innanfor kategoriane 1 til 10, der den første er 'før-alfabetisk lesing', og den siste 'vaksen litterær lesing'.

Verktøyet er ifølgje nettstaden uvikla av Gjesdal kommune, på grunnlag av forsking, og det faktum at 20 prosent av elevane i Noreg går ut av grunnskulen utan gode nok leseferdigheiter. Systemet gjer det enkelt å gi tilbakemelding til foreldre om korleis det går med lesinga til gutungen eller jenta, og det blir lettare å setje inn tiltak dersom ein ligg litt bak skjema. Like utfordrande er det sjølvsagt dersom eleven alt har knekt lesekoden og vel så det. Då kan det bli langdrygt å følgje det opplegget som er i klassa.

Sjølv har eg vore mest merksam på å lese høgt for ungane når dei skal leggje seg. I tillegg til å hjelpe til med leksene når det trengst, kjenner eg at dette er det eg kan gjere for at leseopplæringa skal gå lettare. Med ungar som har nynorsk som hovudmål, blir det då viktig å lese nynorske bøker.

Men nynorske barnebøker er ikkje alltid like lett å få tak i. Bra då at vi har butikkar som i Ivar Aasen-tunet, som dessutan har sin eigen nettbutikk: Handlenett. Her kan ein få kjøpt mykje god barnelitteratur, som både vil gi born og vaksne ei fin hyggjestund ved sengekanten.

Og som sikkert gjer det lettare å knekkje lesekoden.

God lesehaust til store og små!

 

Anders Aanes, 2.9.2016