Bloggen: Kan emojiar bli ein del av språket?
Verket Shift Key av Maya Ben-Ezer, frå utstillinga Emoji Art & Design Show i New York i 2013. Foto: The All-Nite Images, Flickr.com CC BY-SA 2.0.Foto: Foto: The All-Nite Images, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Bloggen: Kan emojiar bli ein del av språket?

Ein revolusjon for måten å uttrykke oss på, eller eit irriterande fenomen som forsøplar skriftspråket? Det som i byrjinga var eit tillegg til skriftspråket, blir no ofte brukt i staden for det skrivne ordet. Gjer dette noko med språket vårt, i så fall kva? spør redaksjonssekretær i Allkunne Stina Aasen Lødemel i bloggen denne veka.

Svaret på det må vi nok vente med. Sjølv om fagfolk for lengst har kasta seg over fenomenet, er det fort gjort å gløyme kor få år mange av dei digitale dingsane med tilhøyrande vanar og fenomen eigentleg har vore i liva våre, no når det i dag utgjer ein så stor og sjølvsagt del av kvardagen vår. Men på kort tid ser vi likevel nokre klare tendensar.

Både fagfolk og mannen i gata er usamde om bruken av desse bildeteikna. Eit døme på fagfolk som står langt frå kvarandre, finn vi i artikkelen «– Emojis er språkets kjønnssykdom» på nrk.no. Her er litteraturvitar Guri Idsø Viken og språkforskar Rolf Theil intervjua om bruken av emojiane. Idsø Viken meiner emojis er ein uting:

«Det er språkets kjønnssykdom. Det er veldig artig å lage dem, men veldig kjipt etterpå.».

Ho meiner bruken av emojiar er ein form for latskap og ignoranse. Språkforskar Rolf Theil er langt meir positiv, og meiner det er eit positivt tillegg i kommunikasjonen vår. Han peikar på det som mange ser på som den positive sida av emoji-bruken: At bildeteikn saman med skriftspråk kan erstatte den ikkje-verbale kommunikasjonen vi elles har i munnleg kommunikasjon, som gestikulering, tonefall, ansiktsuttrykk og anna.

Behovet for å bli forstått og tolka rett

Det fleste har klare meiningar om kvar, i kva setting og til kven ein sjølv brukar og ikkje brukar emojiar. Og det same andre vegen; korleis andre brukar det. Men mi og di forventing samsvarar kanskje ikkje. Kva skjer då? 

Frank Rossavik peikar i artikkelen «Død over smilefjesene» på at andre sin bruk av emojis kan gjere at meldinga frå deg – utan emojiar – kan bli mistolka hos mottakar. For er mottakar sin bruk og forventing til andre sin bruk av emojiar ein annan enn din, kan det oppstå forvirring. 

For var du ikkje veldig streng i den beskjeden, utan emojiar? Var det ironisk eller alvor det du skreiv?

Emojiar kan også verke støytande på folk når det står i ein uventa kontekst for mottakaren. Ein negativ beskjed blir sjeldan betre av eit smilefjes til støytdempar, tvert imot. Nettopp dei ulike forventingane vi har til bruk eller fråvær av bildeteikna kan gjere bruken problematisk og kommunikasjonen uklar. 

Somme har samanlikna emojiane med hieroglyfar. Vi veit ikkje akkurat korleis den tidlege utviklinga frå bildeskrift til alfabet skjedde, men det er ein grunn til at piktografiske, ideografiske og logografiske system vart utvikla til skriftteikn og alfabet. Behovet for å uttrykke seg meir avansert, gjorde at bildeskrifta vart utvikla vidare til alfabet. Det som derimot er nytt og uprøvd fram til emoji kom på bana, er kombinasjonen av bildeskrift saman med eit velutvikla skriftspråk.

Men ein viktig årsak til utviklinga av skriftspråket, med kodifisering og normering, er behovet for å bli forstått og tolka rett uavhengig av relasjon mellom avsendar og mottakar. 

Tendensar i tida

Bloggen: Kan emojiar bli ein del av språket?

Emojis kan brukast til mangt. Her er det laga ein emoji-mosaikk av det kjende Mona-Lisa måleriet. Og nei, dette er nok ikkje laga nøysamt med eit og eit bilete, men med eit program som kan konvertere alle slags bildefiler til emoji-mosaikk. Foto: Stuart Rankin, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Emoji kan seiast å henge saman med fleire tendensar i tida. Det eine er snakkeskrivinga, som Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har skrive masteroppgåve om, der det talte og skrivne språket smeltar saman gjennom dialektskriving i sosiale medium og nettprat. Emojis kan ved snakkeskriving erstatte ansikts- og kroppsspråket som ein munnleg dialog ville hatt, nett slik Theil er inne på. 

Ein annan tendens bruken av emojiar heng saman med er visualiseringa i vår tid. Foto og video tek over ein stadig større del av kommunikasjonen. Dette heng igjen saman med den enorme mengda informasjon vi får inn kvar dag gjennom internett, og behovet det har gitt for å forenkle og komprimere.

Dei sosiale media og måten vi der kommuniserer på har ikkje minst lagt vegen open for bruk av emojiar.

Ein trend i tida er ideen om det anti-babelske språkmangfaldet. Språk skal i vår digitale tid ikkje lenger stå i vegen for global kommunikasjon. Facebook har til dømes byrja med å automatisk omsette språk i innlegg, med mindre du slår av denne funksjonen. Bra fungerer det ikkje, men det gir likevel eit godt bilde av ideen om kommunikasjon på tvers av språkgrenser. I dette mønsteret passar det globale emoji-språket inn.

Smilefjes, emotikon og emoji

Er emotikon og emoji det same? Nei, ikkje heilt, og det kan vere forvirrande nok.

Emotikon er eit typografisk uttrykk brukt i medium der det berre er mogleg å bruke tekst, der typografiske teikn blir brukt til å danne symbol. Til dømes slik det var i tekstmeldingar på mobilen for berre nokre år sidan. 

Emoji derimot, er visuelle bilete. Nokre emojiar kan likevel vere emotikon, og smilefjes kan vere begge deler – og mykje meir. Det ikoniske gule smilefjeset, som oppstod lenge før vår digitale tidsalder, vart laga i 1963 av Harvey Ball. Det teikna smilefjeset finn vi enda lenger tilbake, og er vanskeleg å tidfeste.

Opphav

Heller ikkje opphavet til emotikon og emoji er det same, verken etymologisk eller geografisk. 

Emotikon, på engelsk emoticon, er sett saman av dei engelske orda ‘emotion‘ (kjensler) og ‘icon‘ (ikon), og kjem truleg opphavleg frå USA. 

Den amerikanske dataingeniøren Scott Fahlman er rekna for å vere den første som sende smilefjeset i ein e-post, i 1982:

«I propose that the following character sequence for joke markers: :-) Read it sideways. Actually, it is probably more economical to mark things that are NOT jokes, given current trends. For this, use :-( .»

Det er likevel usikkert om han faktisk var den første til å bruke emotikon. Ottar Grepstad skriv i Språksansen at eit liknande teikn var på trykk i Sunday Sun i 1967:

«Many people write letters with strong expression in them, but my Aunt Ev is the only person I know who can write a facial expression. Aunt Ev’s expression is a symbol that looks like this: – ).»

Emoji kjem frå Japan, og er sett saman av dei japanske orda ‘e‘ (bilde) og ‘moji‘ (teikn, karakter). Importordet emoji er tatt inn i norsk rettskriving og normert som eit hankjønnsord. I Nynorskordboka er ordet definert slik: "lite bilete som symboliserer eit omgrep, til dømes ei kjensle; ideogram". 

Somme irriterer seg grøne over andre sin bruk av emoji, andre misforstår i mangel på emoji, andre blir provosert av ein feilplassert emoji. Nokre brukar det som supplement til skriftspråket, andre som erstatning for det skrive ordet. Somme brukar det meir til pynt.

Med andre ord sprikar både bruken og forventingane når det gjeld emojiar.

Bruken av emoji i dag, og kunnskap om korleis skriftspråket har utvikla seg over tid, fører oss til eit overordna spørsmål:

Kan emojiane vere eit positivt tillegg til skriftspråket som gjer det rikare, eller kan det røve frå oss det systemet og behovet vi har i samfunnet for gjensidig forståing gjennom skriftleg kommunikasjon?

Stina Aasen Lødemel

Redaksjonssekretær i Allkunne

Kjelder

Antony Funnell: «How emoji became a whole new digital language», abc.net.au, publisert 29.4.2015: http://www.abc.net.au/radionational/programs/futuretense/emoji:-the-emotional-element-of-our-digital-discourse/6431030 (lesedato 19.4.2017)

Cydney Grannan: «What’s the Difference Between Emoji and Emoticons?», Encyclopædia Britannica, publisert 28.6.2016: https://www.britannica.com/demystified/whats-the-difference-between-emoji-and-emoticons (lesedato 21.4.2017)

Ottar Grepstad: «Dagen i dag, 19.9.: All verdas språk», allkunne.no, sist oppdatert 6.1.2016: https://www.allkunne.no/framside/sprak/dagen-i-dag/september/19-september/1969/280/ (lesedato 19.4.2017)

Milana Knezevic: “– Emojis er språkets kjønnssykdom», nrk.no, publsiert 11.2.2017: https://www.nrk.no/kultur/_-emojis-er-sprakets-kjonnssykdom-1.13371551 (lesedato 19.4.2017)

Frank Rossavik: «Død over smilefjesene», morgenbladet.no, publisert 28.1.2011: https://morgenbladet.no/samfunn/2011/dod_over_smilefjesene (lesedato 20.4.2017)

Rolf Theil, Hanne Gram Simonsen og Pål Johansen: «Alfabet», snl.no: https://snl.no/alfabet (lesedato 21.4.2017)

Lars S. Vikør: Språkplanlegging. Prinsipp og praksis. Oslo 2007 

Illustrasjonsbildet:

Verket Shift Key av Maya Ben-Ezer, frå utstillinga Emoji Art & Design Show i New York i 2013. Foto: The All-Nite Images, Flickr.com CC BY-SA 2.0.