Bloggen: Ein rall om ræl
Det industrialiserte samfunnet har gitt oss eit hav av masseproduserte gjenstandar. Samtidig er verda blitt meir digital og immateriell. Korleis skal ein då dokumentere og samle inn?Foto: Alex Proimos, Wikimedia Commons

Bloggen: Ein rall om ræl

Gjenstandar og materiell kultur er eit viktig grunnlag for musea. Men korleis samlar og dokumenterer vi samtida i dag, i ei verd som blir stadig meir digital, men som samstundes flyt over av ting? spør dokumentasjonsansvarleg ved Ivar Aasen-tunet Anders Aanes i bloggen denne veka.

Somme vil kalle dette eit paradoks.

Digitaliseringa har skote fart dei siste ti åra, og kan hende er du ein av dei som no les bøker på eit yndig og koseleg nettbrett framfor peisen, i staden for den klumpete, plasskrevjande og gammaldagse gjenstanden av papir som har fylt opp så mange heimar.

På nokre tiår har samfunnet gått frå å vere tufta på papir og blekk, til å vere samansett av eittal, nullar og pikslar.

På same tid kan det sjå ut som det aldri før har blitt produsert fleire gjenstandar. Tvilar du på det, så prøv å hugse gåvebonanzaen på julaftan, eller ta deg ein tur i eit gjennomsnittleg norsk barneselskap. Eventuelt kan du svippe innom næraste miljøstasjon og kike på alt som kjem dit.

Det meste av det som er på marknaden i dag er masseprodusert, men ein får også kjøpt gjenstandar som er såkalla high-end. I det før-industrielle samfunnet var slike handlaga gjenstandar ein integrert og ofte heilt naudsynt del av kulturen; dei var knytt til produksjon og det å halde livet i gang. Og av og til tok ein seg bryet med å smykke ut gjenstandane også – det var den tidas high-end-produkt. Til dømes ein ølbolle med illustrasjonar.

No lever vi i ei anna verkelegheit, og vi held fram liva våre i eit system som avlar fram masseproduserte, upersonlege gjenstandar. Deprimerande nok veit vi at det kvart minutt blir dumpa 15 tonn plast i havet. Ein kan bli slått i bakken av mindre. Dagens søken etter småbruk der rustikke heiltregolv og småruta glas er viktige ingrediensar, kan vere ein reaksjon mot dette materielle jaget.

Likevel: Ein må kunne seie at verda og heimane våre blir fylt opp av mykje ræl, anten vi vil det eller ikkje. Slik var det ikkje før. Då fekk ein éi leike til jul, og det var det. No: Bursdagsselskapa er plastfestivalar. For ungane er det sjølvsagt kjekt; ein lærer både gleda av å gi, og kjenner på gleda av å få.

I barnehøgd er gjenstandane verken nyttelause eller masseproduserte – dei er tvert imot heilt fantastiske.

Utfordringa for oss som arbeider i musea blir å velje ut kva ein skal ta vare på av alt det rælet som finst i verda i dag, og dermed også kva som går i gløymeboka. For sjølv om ein subjektivt synest noko er ræl, er ikkje dét eit særleg godt grunnlag for ein gjennomtenkt innsamlingsstrategi i eit museum.

Å samle inn og ta vare på gjenstandar som blir brukte i samfunnet i dag, gjer ein nemleg fordi ein meiner gjenstanden seier noko viktig om tida vi lever i, eller om den kulturen ein prøver å dokumentere. Og når vi samlar inn, er det like viktig å skrive ned alt ein veit om eigarane, produksjonen, bruken, og kva gjenstanden har å seie for brukarane. Gjer ein ikkje det, kan gjenstanden bli verdilaus, særleg dersom det er snakk om masseproduserte ting. Ofte er det samanhengen og historia knytt til gjenstandar som gir dei meining og liv. 

Bloggen: Ein rall om ræl
Kjem dette til å vere kulturarven frå vår tid? Foto Wikimedia Commons

Den digitale utfordringa er der like fullt, og kanskje gjeld det særskilt born og livsverda deira. For sjølv om ungar blir lessa ned med gjenstandar og ting (iallfall i dei industrialiserte landa), så er det éin aktivitet dei brukar meir tid på no enn før: Dataspel.

Og korleis dokumenterer ein noko slikt, reint materielt?

Det er nemleg ikkje nok å stille ut telefonen eller nettbrettet ein spelar spelet på – ein må også ha sjølve spelet intakt på eininga. Dette er sjølvsagt teknisk krevjande dersom det har gått eit par tiår.

På Teknisk Museum viste dei frå mars 2016 til 29. januar i år vandreutstillinga Game On 2.0, der ein kunne få prøve over 100 av dei mest populære dataspela gjennom tidene. Det var altså ikkje ei utstilling der ein berre såg på, det var ei utstilling der ein heile tida deltok. Eit imponerande stykke arbeid må liggje bak denne utstillinga.

Utviklinga er likevel slik at spela i mindre grad er knytt til det materielle – ein spelar ikkje på ein Game Boy eller eit flipperspel på den lokale kafeen, men på ein mobil eller eit nettbrett som ikkje er knytt til den same produsenten av spelet. Mengda av spel som er tilgjengelege i dag er også betydeleg større, noko som igjen gjer arbeidet med å dokumentere og samle inn meir utfordrande.

Enkelt sagt er verda meir uhandgripeleg og omskifteleg enn nokosinne, medan mangfaldet av fenomen og informasjon er overveldande. Det er ikkje berre museumsfolk som kan byrje å småsveitte av slikt.

basisutstillinga skulle lagast til opninga av nybygget i Ivar Aasen-tunet på slutten av 1990-talet, fekk ein ei utfordring: Korleis skulle ein lage ei utstilling om noko såpass immaterielt som eit språk?

Når ein ser på utviklinga i dag, må ein dra litt på smilebandet av dette. Ja, språk er immaterielt, men i dette tilfellet hadde ein trass alt ein handfast skriftkultur å lene seg på. Familien og seinare Sunnmøre Museum hadde dessutan teke vare på alle gjenstandane etter Ivar Aasen, inklusiv alle bøker, og ved handskriftsamlinga i hovudstaden ligg manuskripta etter Aasen. Alt dette gjer at basisutstillinga i Aasen-tunet er prega av gjenstandar.

Kva gjer ein i framtida når ein skal stille ut ein forfattar som lever i dag? Viser ein fram word-fila han skreiv på pc-en eller mac-en sin? Legg museet fram eit kopiark av ei pdf-fil frå avisa som omtala forfattaren?

Det verkar litt meir stusseleg, eg må vedgå det.

Gjenstandane i huset sitt har forfattaren sikkert kasta, fordi han fekk ei bokgåve til jul ein gong, Orden og system. Rydd opp hjemme.

Forhåpentleg kasta han då det som var ræl, og tok vare på det som var viktig.

 

Anders Aanes

dokumentasjonsansvarleg Ivar Aasen-tunet

Bloggen til Nynorsk kultursentrum blir oppdatert eit par gonger i månaden. Dei tilsette i Aasen-tunet, Allkunne og på Hauge-senteret byter på å skrive om tema relaterte til språk, litteratur, museum og dei andre arbeidsoppgåvene dei har.