Bloggen: Dagens antrekk
Dagens antrekkFoto: Fresher/Shutterstock

Bloggen: Dagens antrekk

– Ein garderobe som manglar viktige antrekk, er ikkje mykje til garderobe, hevdar programansvarleg i Ivar Aasen-tunet Monika Haanes Waagan i bloggen denne veka.

Ville du valt det same antrekket til eit jobbintervju som til ein topptur i januar, ein dugnad i barnehagen eller ein sommarfest med nabolaget? Sjølvsagt ikkje. Det er ikkje alltid det passar med ull inst, og sjølv om bunaden er det vakraste plagget du eig, blir han neppe teken fram til julebordet. Slik er det med klede. Slik er det med språk også.

Kven skal eg vere i dag?

Om eg leitar i klesskapet etter eit passande jobbantrekk, er det sjeldan berre komfort og brukarvennlegheit som styrer vala mine. Det er vel så viktig at plagga kan spegle identiteten min denne dagen og passe til rolla eller rollene eg skal spele. Av same grunn vil eg ofte velje å ha med meg fleire klesskift.

Eg treng kan hende den svarte t-skjorta med Ivar Aasen-signatur til eit arrangement eller ei dressjakke eg kan slenge på meg før eit formelt møte. I løpet av ein arbeidsdag vil eg gå inn og ut av fleire roller. Nøkkelspørsmålet ved klesskapet om morgonen er difor ikkje kva eg skal ha på meg, men kva roller og identitetar eg skal ha. Først då kan eg finne dagens antrekk.

Frå min eigen barndom hugsar eg korleis eg i mange år skifta mellom eit innespråk til familiebruk og eit utespråk til leiken i byggefeltet. Innandørs heldt eg meg til dialekten til foreldra mine, medan eg snakka den lokale dialekten ute saman med venner og venninner. Det var eigentleg ingen praktiske grunnar til denne språkvekslinga, men for meg var ho like naturleg som det å ta på meg eller av meg ytterjakka.

Inne høyrde eg til familien. Her var eg først og fremst dotter og syster. Ute fanst det eit anna vi. Der høyrde eg til ungeflokken i byggefeltet, og gjennom språket kunne eg spegle meg sjølv og sjå at eg likna dei andre.

Den nynorske garderoben

Ein garderobe som manglar viktige antrekk, er ikkje mykje til garderobe. Og eit språk som manglar ordtilfang og uttrykksmåtar, slik at dei ikkje kan brukast på alle moderne samfunnsområde, er ikkje mykje til språk.

I Språkplanlegging, prinsipp og praksis plasserer professor i nordisk språkvitskap Lars Vikør både dagens nynorsk og dagens bokmål i kategorien utbyggingsspråk. Utbyggingsspråk har som kjennemerke at dei er standardiserte som skriftspråk (normalt også som talespråk), og så godt utvikla at dei kan brukast til alle dei funksjonane eit moderne samfunn krev.

Eg skriv ikkje på same måten om eg skriv ein SMS til dotter mi, ein e-post til ein leverandør, ein presentasjon til eit møte eller ei melding på Snapchat til ei venninne. Men sjølv om eg skriv heilt ulikt, skriv eg likevel alt saman på nynorsk. Dei ulike skrivemåtane mine er berre ulike variantar av nynorsk, som alle er tilgjengelege innanfor det nynorske språksystemet.

I den nynorske garderoben finn ein språklege antrekk for alle tenkelege høve. I det relativt ferske masterprosjektet mitt Næringslivsspråk i Nynorskland kjem det fram i intervjusamtalane med nynorskbrukande bedrifter, at dei oppfattar nynorsk som svært godt eigna som bedriftsspråk. Ja, dei finn verkeleg alt dei treng i det nynorske språket.

Då kan ein berre undre seg over kvifor dei fleste bedriftene i undersøkinga likevel nyttar bokmål som sitt hovudspråk. Ein av informantane, som sjølv kjem frå ei nynorskskrivande bedrift, seier det på denne måten: «Om ein skal ut og vere formell og ordentleg, kjennest det kanskje lettare å ta på seg eit anna språk.»

Noko lånt, noko brukt, noko nytt …

Det seiast at klede skaper folk. Ordspråket, som har latinsk opphav, kan godt vere sant, sjølv om det også finst i ein annan og motsett versjon: «[Munke-]kutta skaper ikkje munken». Om språket skal det i alle fall seiast, at det må folk til for å skape det. Ivar Aasen hadde sjølvsagt rett då han skreiv følgande i Om vort skriftsprog: « […] vi skulde lede i vore Gjemmer, og see efter, hvad vi selv eiede, førend vi gik hen at laane af Andre».

Men det kunne aldri stoppe der. Heller ikkje etter at Aasen var ferdig med det store arbeidet sitt, kunne det stoppe. Språket er ikkje statisk. Det må skapast kontinuerleg, og nett som ein moderne garderobe, må også språket haldast ved like, ryddast i og oppdaterast med nye plagg.

Sjølv trur eg ikkje det å velje bokmål som næringslivsspråk, akademisk språk, mediespråk eller anna handlar om kva ein finn eller ikkje finn i den nynorske garderoben. Det handlar heller om kven ein er eller ønsker å vere. Det er som i leiken i min barndoms byggefelt. Om ein heller vil likne ein annan ungeflokk – i eit heilt anna byggefelt, på ein helt annan stad – kan ein vise det gjennom språket.

Men for oss som ynskjer å likne oss sjølve, er den nynorske språkgarderoben allereie full av det vi måtte trenge, anten vi skal på topptur, dugnad eller sommarfest. Det finst ull til å bruke inst mot kroppen også, og eit lekkert utval av små svarte kjolar til julebordet. Som nynorskbrukarar skal vi då berre unntaksvis måtte låne frå andre, eller trenge å ta på oss eit anna språk enn vårt eige, for å kjenne oss vel.

Monika Haanes Waagan
programansvarleg Ivar Aasen-tunet

Kjelder

Caprona, Y. C. d. (2013). Norsk etymologisk ordbok : tematisk ordnet. Oslo: Kagge.

Sandøy, H., Akselberg, G., Røyneland, U., & Mæhlum, B. (2008). Språkmøte: innføring i sosiolingvistikk (2. utg.). Oslo: Cappelen akademisk forlag.

Vikør, L. S. (2007). Språkplanlegging: prinsipp og praksis (3. utg.). Oslo: Novus.

Waagan, M. H. (2016). Næringslivsspråk i Nynorskland – Ein analyse av språkpraksisen i den maritime næringsklynga på Sunnmøre. (Mastergradsoppgåve), Volda. Nedlasta 3. mai 2017 frå: http://www.sprakradet.no/globalassets/vi-og-vart/stipend/monika_waagan_naeringslivsspraaak_i_nynorskland.pdf

Aasen, I. (1836). Om vort Skriftsprog. Henta 3. mai 2017 frå: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/historiske_tekstar/1801-1850/1836+Om+vort+Skriftsprog.b7C_wJnW5O.ips

 

Bloggen til Nynorsk kultursentrum blir oppdatert eit par gonger i månaden. Dei tilsette i Aasen-tunet, Allkunne og på Hauge-senteret byter på å skrive om tema relaterte til språk, litteratur, museum og dei andre arbeidsoppgåvene dei har.