«Syng ein song på norsk, då!»
Ketil Stokkan (i midten) syng "Romeo" i den norske Melodi Grand Prix-finalen i 1986.Foto: Bo Mathisen/ Riksarkivet

«Syng ein song på norsk, då!»

Jan Fredrik Karlsen er kjend for sitt smittande engasjement. No har han vorte Melodi Grand Prix-general – ei stilling som kler engasjementet. Då er det synd at han ikkje nyttar høvet til å syna norsk språk på Grand Prix-scena.

For første gong på elleve år er det ingen songar på norsk eller samisk i den nasjonale konkurransen. No er det ikkje alltid slik at norsk tekst tyder god tekst, men låtar som «En godt stekt pizza», «Jobbe litt mindre, tjene litt mer», «Ulvetuva», «Vardlokk» og «Under stjernene» har i alle fall vore med å syna at også norsk songlyrikk er ein del av pop- og showmusikken. Og i 2006 sende me den norske låta «Alvedansen» til Athen.

Av og til er heller ikkje songlyrikken så aller verst:

Eg spurte om vann, du gav meg bensin
Sko ha spurt om jakkå, eg gav deg kjolen min
Eg spurte om fred, endte opp i krig
Gav i frå meg alt men eg gav meg ingenting

Her kan du sjå heile "Bensin" med artisten Moi:

 

--

I 1999, 2001, 2004 og 2005 var det ingen norsk- eller samiskspråklege songar i den norske konkurransen. Om ein likevel må velja eitt av åra som det verste året for norske songtekstar, må det verta 2005. Då song sjølv Jahn Teigen på engelsk. Den engelske teksten var attpåtil skriven av Anita Skorgan. 

I 1997 og 1998 vann norske låtar finalen, men dei song engelsk internasjonalt. I 1998 song Lars Fredriksen «Alltid evig sommer, sa du» i den norske finalen og «All I ever wanted was you» i den internasjonale. Island gjer det slik nesten kvart år. Her kan du sjå Pollapönk med den islandske versjonen av songen frå i fjor: 

--

For fem-ti år sidan var ein av dei store debattane om norsk musikk at «ingen» pop- eller rockeartistar song på norsk. Sånn er det ikkje lenger. Fleire syng på norsk no. Dei siste åra har alle nominerte til Spellemannsprisen i klassa tekst/ tekstforfattar vore artistar som skriv norsk. Fleire av debutantane syng på norsk, og i løpet av 2000-talet har fleire som tidligare song på engelsk byrja å synga norsk. Det er rart at dette ikkje vert spegla i Melodi Grand Prix.

NRK har tidligare i år vore i hardt vêr om korleis dei forvaltar ansvaret for musikk med tekstar på norsk og samisk. Mot slutten av 2015 blussa det opp ein stor debatt då musikksjefen i P3, Mats Borch Bugge, hevda at det ikkje fanst samisk musikk som var god og relevant nok til å verta lista på radio. Samstundes har samisk rap to gongar kome til semifinale i Norske Talenter, så nokre lystpunkt finst det. Utanfor NRK. Etter mykje storm plasserte NRK til slutt ei låt av artisten Àgy på spelelistene til P3.

I samband med denne debatten sa Borch Bugge: «Vi spiller låter gjort på fransk, islandsk og svensk. Så språket har ikke alt å si, men det har selvfølgelig mye å si når det ligger gjenkjennelse i låten. Så vi opplever at folk responderer mer på norske låter enn for eksempel låter som er på engelsk.» Her har kanskje Jan Fredrik Karlsen noko å læra av kollegaen sin i P3. Det er lettare å kjenna seg att i låtar på sitt eige morsmål. At Jan Fredrik Karlsen og dei andre i NRK har gløymd morsmålet i eit av årets største tv-show, kan kanskje aller best kommenterast med desse linene frå låta til Sirkus Eliassen frå 2013:

Huska du champagne-episoden med han Aune Sand?
Har du glømt at vi kom ut av skapet hos han Skavlan?
Du lev bare en gang, det sir de vise
Æ trur de må ha glømt at livet går i reprise

--  

 

Ulvik, 4. februar 2016

 

Per Magnus Finnanger Sandsmark