#forteljinga
Foto: flickr.com_Michael Coghlan_CC BY-SA 2.0

#forteljinga

Oftare og oftare kjenner eg at eg nærmar meg den sosiale medium-veggen.

Kjensla av at ein ikkje orkar meir og at det ikkje gir noko glede lenger melder seg oftare og oftare. Desse inntrykka som kjem gjennom bilete og korte tekstar forar oss med inntrykk som vi eigentleg ikkje veit noko særleg om, og gjennom desse globale glimta må vi sjølv lage historiene bak. Desse bølgjene av informasjon, lukke og tragedie gjer at eg saknar noko som roar tankane i all støyen.

Instagram er ein app og eit sosialt medium som gir oss millionar av bilete kvar dag. I 2014 hadde 1 173 000 menneske i Noreg ein profil, og internasjonalt finst det over 300 millionar aktive brukarar av denne appen. Av desse er dei mest aktive i alderen 30-59 år.

Den korte teksta eller orda som blir brukt på Instagram for å skildre motivet blir kalla for emneknagg, og desse orda skal ha symbolet # framfor seg. Ifølgje eit søk på Instagram sitt hjelpesenter betyr ordet emneknagg gruppering av meldingar som skal forenkle søk i sosiale medium. Har du brukt emneknaggen #vårenerher, kan ein søkje på det etterpå og på den måten finne alle andre som har tenkt same tanken og merka biletet med nettopp det ordet. Alt er sjølvsagt innhylla i vakre fotografiske filter som gjer at vi kjenner oss sidestilt med Morten Krogvold. Om du ikkje går for #nofilter då.

Dei fleste av oss, inkludert meg sjølv, vil gjerne gi eit visst inntrykk av dei bileta ein legg ut. Men eg har lurt på om ein kan kalle bruk av emneknaggar for ei slags omsetjing? Der ein skal omsetje eit inntrykk til ei global historie som mange skal kunne forstå?

Om ein ser på omsetjing i litteraturen er eit grunnleggjande poeng som stadig gjentek seg, at noko av meininga blir borte på vegen. Språk er meir enn ord og grammatikk. Eit språk ber mellom anna med seg uttrykket for eit felles minne i samfunnet. Difor er omsetjing vanskeleg om vi tenkjer at det skrivne eller snakka skal kunne gjevast att med alle nyansar i eit anna språk.

Er ein språkkunnig og les Hamsuns romanar på engelsk eller tysk og jamfører med originaltekstane etterpå, vil ein oppleve å ha mista noko i omsetjinga. Ein vil oppleve det same om ein kjenner til den slentrande danske kåsørstilen, den svenske forfattaren August Strindberg sitt presise, saftige og talemålsnære svenske språk , eller Olav Duun sin forfattarskap.

Om ein er rett så uheldig kan ein som Hilde Mugaas opplevde i ung alder, lese omsette Emily-bøker av Lucy Maud Montgomery, og ende opp vonbroten og forvirra då slutten synes særs open. Seinare fann Mugaas ut at ikkje berre var omsetjinga særs mangelfull, men den siste boka i serien var ikkje omsett og utgitt på norsk i det heile.

Korleis opplever vi då teksta i emneknaggen?

Etter ein kjapp tur innom Instagram er dette noko av det eg finn:

#godevenerpåmiddag
#olaogkaripå1377moh
#minesmåpåski
#pudderalarm
#bilutforvegen
#flukt
#nordicliving
#f52grams

Det er det heile. Ti bilete som fortel ei historie berre ved bruk av nokre få emneknaggar. Om ein søkjer på desse emna vil ein få opp tusenvis av bilete som tilsynelatande fortel same historie. Ein evig lanseringsfest der til dømes vener er samla, nokon er på topptur, born på ski, det snør, nokon har køyrt utanfor vegen, menneske på flukt, interiør og mat. Alt dette som berre blir borte. Alt som kanskje hadde fortent noko meir enn ein # og eit <3.

Når det kjem til emneknaggar er eg ikkje så aktiv – eg kjenner at eg ikkje får formidla det eg ønskjer og nyleg tok eg ein test i eit tidsskrift som understreka den kjensla. Spørsmålet eg fekk var «Kva bibliotekbrukar er du?» Og svaret eg fekk var ikkje så overraskande: Alltid klar til å leggje Dostojevskij på benken, alltid langt vekk frå «Bibliotekaren anbefalar-hylla», eg veit kva eg vil ha og eg ønskjer ikkje noka form for folkeleg formidling. Biblioteket er visstnok til for meg og ikkje omvendt.

No er det dei færraste av oss som kan skilte med at dei har lese Dostojevskij på originalspråket, og eg høyrer dessverre ikkje til ein av dei. Eg veit ikkje kva nyansar eg går glipp av når eg les bøker av omsette utanlandske forfattarar, men eg får heller leve lukkeleg uvitande om det. Det eg uansett får med meg er ei heil historie som eit anna menneske har fortalt til meg, om det så er gjennom forfattaren eller omsetjaren sine ord.

Når det gjeld emneknaggar held eg meg til sjeldne utgivingar av det. Nokre gongar får eg inn eit godt motiv som eg vil dele med andre, og ein sjeldan gong er eg heldig og får inn eit hurrarop eller to. Men den gode opplevinga får eg verken fortelje eller høyre.

Eg vel #langtfortalt. 

Siri Beate Gjerde, 11. mars 2016 

Kjelder:
Randen. Farvel til språkmangfaldet? (1997)
Mugaas. På jakt etter ei heil venninne .Mellom (nr.1., 2016)

Les fleire bloggtekstar her