Mor Google eller mor sjølv

Det er ikkje så mange år sidan vi berre snakka i telefonen. I dag er vi ofte i kontakt med kvarandre via telefonen, men det er ikkje på same måten. Vi kommuniserer i sosiale medium og sender korte tekstmeldingar med bilete og smilefjes. Er det noko vi lurer på, finn vi det på internett, gjerne på mobilen. Praktisk, oversiktleg og enkelt. Vi veit nok meir om fleire i dag, men kanskje ikkje like mykje om kvar einskild. Den gode, gamle telefonsamtalen har falma og eg likar det ikkje.