Eit museumsbesøk for alle sansar

Eit museumsbesøk for alle sansar

Vil du kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, høyre europeisk litteratur på originalspråket eller gå i Verdas minste kinosal?

I basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet finn du ei rekkje installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. Der er mykje å ta på, fleire verkstader og innfallsvinklar til temaet språk og litteratur for både store og små.

Verdas minste kinosal og animasjonsverkstad

I språkverkstaden får borna sjå tunkatten Lurivar i Verdas minste kinosal. Lurivar er veldig glad i besøk, og blir lei seg når han høyrer at det har vore born og sett etter han når han har vore på reise. Difor har han spelt inn nokre videohelsingar til borna som dei kan sjå i Verdas minste kinosal.

Både born og vaksne kan leike seg med å lage nye dikt i eit heilt eigenutvikla dikthjul. Ein kan også lage setningar og dikt med magnetpoesi i storformat.

På hemsen til Lurivar kan ein lese nynorske barnebøker eller høyre utdrag frå lydbøker. Ein kan også leite etter ord Lurivar har lagt att inne i bøkene.

Dei som kjem på besøk kan også gjere oppgåver som ligg framme i språkverstaden. Eller prøve dialektkunnskapen sin i det populære dialektspelet.

Diktet «Nordmannen» er laga i store ordklossar, som kan setjast saman til nye strofar ute i tunet.

For fleire sansar

Publikum kan snurre på kanalveljaren på ein gamaldags FM-radio og finne litterære røyster frå store delar av Europa. Utstillinga inneheld også høgdepunkt i populærmusikk på nynorsk, stereoskop med Aasens eigne bilete, ei ny tidslinje om «All verdas språk», og meir til. Om du ønskjer å høyre mangfaldet i dei norske dialektane, kan du berre ringje på dørklokka hos nokre av dei som bur i Språkhuset. Ein del av installasjonane er nybrotsarbeid, og tekstane i dei nye elementa ligg føre på engelsk, noko det ikkje har gjort før.

Nordmannen helsar velkomen

Publikum i Aasen-tunet blir i sommarsesongen helsa velkomen med Ivar Aasens mest kjende dikt «Nordmannen» i lydstien. – Seks høgtalarar langs gamlevegen, gir publikum ei spesiell oppleving alt på vegen opp til Aasen-tunet.

Opningstider

16. august–14. juni: måndag til fredag 10–16 og søndag 10–17. I romjula har vi stengt.

15. juni–15. august: måndag-fredag 10–17, laurdag og søndag 12–17 

For meir informasjon kontakt formidlar Synnøve Marie Sætre