Omvisingstilbod for skular
Ei skuleklasse får lære om oppveksten til Ivar Aasen inne i Gamlemuseet

Omvisingstilbod for skular

Vi tilbyr eigne temaomvisingar som er godt eigna for skuleelevar. Ta kontakt, så skreddarsyr vi eit opplegg for dykkar gruppe.

Dei ulike omvisingsopplegga varer i om lag 90 minutt, men vi tilpassar lengda på opphaldet slik de ønskjer det. Det er muleg å kombinere fleire av tilboda nedanfor.

Livet og arbeidet til Ivar Aasen

Elevane får sjå filmen om Ivar Aasen. Deretter gir vi ei omvising ute i Gamletunet og inne i utstillinga. Elevane får eit innblikk i dei gode historiene om Ivar Aasen, dei får sjå tinga hans og blir meir kjende med kven han var og kva han gjorde. Etter omvisinga kan dei vere med på oppdagingsferd i utstillinga, eller elevane kan gå rundt fritt sjølve.

Alle klassetrinn

Arkitektur

Elevane får her ei innføring i tankane bak hovudbygningen i Ivar Aasen-tunet og kunnskap om arkitekten Sverre Fehn som har teikna bygget. Etter ei fagleg innføring får elevane gå på jakt etter ulike detaljar i bygningen og jobbe med oppgåver der dei både må bruke det dei har lært og tenkje kreativt for å finne fram til svara.

Mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande

Dialektar

Vi ønskjer å gjere elevane medvitne den unike situasjonen vi har i Noreg med stor dialektrikdom og toleranse for dialektbruk. Vi gjer elevane kjende med viktige målmerke. Til slutt spelar vi dialektspelet saman i salen.

Ungdomstrinn og vidaregåande

Nynorske teikneseriar

Opplegget tek for seg særpreg ved teikneseriesjangeren, og elevane blir gjort kjende med ulike nynorske teikneseriar. Elevane får lage sin eigen teikneserie som dei presenterer.

Mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande

Nynorske dikt

Gjennom opplegget ønskjer vi å gi elevane meir kunnskap om diktsjangeren og kjennskap til fleire nynorske dikt. Elevane får også skrive eigne dikt.

Mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande

Ivar Aasens verk med Ivar Aasens ordtak

Elevane blir gjort kjende med mangfaldet i Aasens skrifter, og får praktiske oppgåver knytt til stoffet.

Ungdomstrinn og vidaregåande

Prisar:

20 kroner per elev

Lærar går gratis 

Matpause

Ta gjerne med nistepakke som de kan ete i kafeen eller ute om det er fint ver. Om de vil bestille mat i kafeen, må de gjere dette på førehand. Sjå eigen meny for skuleklassar. 

 

Kontakt formidlar Liv Astrid Skåre Langnes for meir informasjon eller for å gjere avtale.

liv.astrid.langnes@aasentunet.no 70 04 75 81