Aasen-tunet

IVAR AASEN-TUNET gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk.

Ivar Aasen (1813–1896) var mannen som endra norsk språkhistorie. Allereie i 1836, 22 år gamal, hadde han klare tankar om korleis ein burde gå fram for å gjenreise det norske språket i skrift. Aasen meinte ein burde ta utgangspunkt i alle dei norske dialektane. Språkforskaren reiste dermed halve jorda rundt innanfor grensene i Noreg for å finne det norske språket.
 
Ivar Aasen-tunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp. Her skreiv han sine første ord og plukka si første symre. I Noregs eldste personmuseum frå 1898 finn du fem bygningar frå fire hundreår og eit uteamfi som har vore stemneplass i over hundre år.

Arkitekturen i Ivar Aasen-tunet er ei oppleving i seg sjølv. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av den verdskjende og prislønte arkitekten Sverre Fehn (1924–2009) og er heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg, Houens fonds diplom. Bygningen er teikna i samspel med landskapet og dei historiske omgivnadene, og både i form og tanke spring den ut av eit møte mellom fortid, notid og framtid. Vi har eigne arkitekturomvisingar om sommaren.

Utstillingane opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Du kan sjå kladdearka Ivar Aasen aldri rakk å bruke, høyre forfattarar fortelje om dikting, og snurre på ein globus som viser utbreiinga av skriftsystem verda over. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke.

Tunkatt og ordspion Lurivar
har sin eigen hems med bøker og aktivitetar. I sommarsesongen tek han borna med på tur i utstillinga og funderer over stort og større saman med dei. Dei dagane han er på farten og samlar fleire ord, passar han likevel på å vere representert i tunet, på sitt eige smålåtne, framfuse kattevis.

Ivar Aasen-tunet byd på eit breitt, spennande og annleis kulturtilbod til både vaksne og born. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela siste helga i juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen. Her får du alt frå store konsertopplevingar til nære forfattarmøte, gode samtalar og debattar, kunstutstilling og barnearrangement.

Bokhandel, platesjappe og gåvebutikk i eitt! Her finn du gåvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. Ein stor del av varene finn du også på handlenett.no.

Kafeen serverer enkle, heimelaga lunsjrettar og kaker med innslag av kortreiste spesialitetar. Skin sola, er utekafeen ein sjølvsagt stad for å nyte ei god bok eller ferske nynorskaviser. Vår eigenproduserte "Tunpølse frå Åsen" kan du også kjøpe med heim.

Ivar Aasen-tunet er eit godt utgangspunkt for lette turar på godt oppmerkte turstiar. Ordløypa til Lurivar leier opp til utsiktspunktet Høgetua. Der finn du kvar sommar to postkasser med gode, nynorske barnebøker, som du kan lese på kvilebenkane med fager utsikt til Hovdevatnet.