
Tidekverv i Aasen-tunet
Tidekverv er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, tileigna dei fire merkedagane i kalendaråret: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv. Fredag 7. september framfører dei det musikalske verket i tunet.

Orda rundt med Lurivar
Tunkatten Lurivar er klar for sommarferie og vil gjerne fortelje borna om årets reisemål. Han leitar fram kofferten, men oppdagar at innhaldet ikkje stemmer med det han har planlagt. Bli med Lurivar på vandreteater i Aasen-tunet kl. 13.00, kvar dag i veke 26 og 30.

Ny direktør i Nynorsk kultursentrum
Per Magnus Finnanger Sandsmark (28) frå Volda er tilsett som direktør i Nynorsk kultursentrum etter Ottar Grepstad.

St. Olav til Ottar Grepstad
På vegne av H.M. Kong Harald V dekorerte fylkesmann Lodve Solholm direktør Ottar Grepstad til riddar av 1. klasse av Den kongelege norske St. Olavs orden under ein seremoni i Aasen-tunet onsdag 6. juni.

Her finn du alt om Festspela 2018!
- Aktuelt














