Nynorsk kultursentrum

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og Allkunne i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og eig og driv to festivalar, Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet kvart år i slutten av juni og Ulvik poesifestival annakvart år i september. Allkunne er eit fritt og sjølvstendig oppslagsverk og det einaste pålitelege digitale oppslagsverket på nynorsk. Stiftinga forvaltar Vinje-fondet og arbeider for å etablere Vinje-senteret i Vinje i Telemark. Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum 2015!

24 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga:
 
Kommunar og fylkeskommunar
Telemark fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune
Møre og Romsdal fylke
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Volda kommune
Ørsta kommune
Ulvik Herad
Vinje kommune
 
Forskings- og utdanningsinstitusjonar
Universitetet i Tromsø
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
Høgskulen i Volda
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Møreforsking
Møre Folkehøgskule
 
Kulturinstitusjonar
Det Norske Samlaget
Det Norske Teatret
Sunnmøre Museum
 
Målrørsle
Noregs Mållag
Noregs Ungdomslag
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Vestmannalaget