Vil du vere med på laget?
Dei nynorske festspela 2015. Søndag 28. juni. Publikum og frivillige.Foto: Stine Dahl

Vil du vere med på laget?

– Dei frivillige er ei svært viktig brikke i festspelpuslespelet, og vi treng framleis fleire hender å dele arbeidsoppgåvene på, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.

Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Dei nynorske festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. – Innsatsen dei frivillige gjer, er avgjerande for at vi skal kunne ha fest og spel fire flotte dagar kvar sommar, seier Waagan. Som frivillig på Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Vi treng hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, rydding, vakthald og parkering. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og avslutningsfest med mat og drikke. 

Vil du vere frivillig på Dei nynorske festspela fyller du ut skjemaet under.

Du kan også ringe oss på telefon 70 04 75 70 eller sende ein e-post til admin@aasentunet.no.

På førehand tusen takk!

 

Frivillig
    Artikkellesar