Festspelprogrammet 2017

Festspelprogrammet 2017

Daniel Kvammen, Linda Eide og Maria Parr kjem alle til Dei nynorske festspela den siste helga i juni. Der er dei i godt lag med mellom andre festspeldiktar Lars Mæhle og Stein Torleif Bjella. I løpet av fire varierte festivaldagar finn du eit større konserttilbod enn tidlegare og fleire program for barn og unge.

Temaet for 2017-utgåva av Dei nynorske festspela er Tabu. – Vi vil nytte festspeltemaet til å undersøke korleis kulturelle og språklege tabu både held oss tilbake, pirrar og provoserer oss, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet.

Årets festspelprogram vil gi publikum mange store opplevingar, både gjennom litteratur, musikk, teater, kunst, foredrag og samtalar. 

Hjarte for barne- og ungdomslitteratur

Festspeldiktar Lars Mæhle har skrive mest for born og ungdom, og det vil publikum sjå godt igjen festspeldagane. Bøkene hans om fotballaget Knoterud FK er tema på Volda stadion, han har skrive manus til ei ny Lurivar-framsyning og han har laga ein barnekrim til Volda bygdetun, i eit samarbeid med Norsk folkemuseum. Fredag kveld er det familiekonsert, der Mæhle har skrive dei fleste tekstane og Beate Lech har laga ny musikk.

Mange musikalske opplevingar

Den musikalske delen av Festspela har mykje variert å by på. Stein Torleif Bjella opnar utekonsertane torsdag og Daniel Kvammen følgjer opp laurdag, og under Aasen-stemnet sørgjer Daniel Herskedal for tabu med tuba. I Salen blir det nynorske intimkonsertar med musikken til både Patti Smith og Bob Dylan og ein litterær konsert med festspeldiktar Lars Mæhle og Øystein Sandbukt basert på den nyaste novellesamlinga Jag är Supermann. Microbandet er hyra inn for å røske liv i Målbar-publikummet seint laurdags kvelden.

Litteratur og foredrag

Litteraturen står i sentrum under Dei nynorske festspela og det blir både forfattarmøte med opplesingar og samtalar knytt til festspeltemaet tabu i ulike variantar. Nokre av forfattarane du møter er Maria Parr, Marit Kaldhol, Anders Totland, Jørgen Norheim, Aina Basso og Jan H. Landro.

Årets minneforedrag er ved Jan Olav Fretland frå Høgskulen på Vestlandet. Språkforskar Gaston Dorren er invitert frå Nederland til å sjå på den norske språksituasjonen med eit skarpt blikk utanfrå. På den siste festspeldagen blir det språkmoro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes, som har hatt stor suksess med NRK-serien «Eides språksjov».

– Vi gler oss til fire rikhaldige dagar med ny kunnskap, store opplevingar og lun stemning, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan. I år blir Festspela arrangert 29. juni til 2. juli og billettar kan tingast allereie no. Hovudarenaen er Ivar Aasen-tunet, men mange av arrangementa vil finne stad rundt om i Ørsta og Volda. Heile programmet finn du på festspela.no.

Sjå heile programmet her

Dei nynorske festspela

• Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni

• Kvart år gjestar om lag 6000 menneske denne festivalen

• Årets tema er Tabu, og festspeldiktar er Lars Mæhle

• Av 45 planlagde arrangement i 2017 er 14 gratis

• Budsjettet for 2017 er på 2,1 millionar kroner

• Festspelpass til 1600 kr gjeld på alle arrangement

• Billettsal frå og med onsdag 26. april på festspela.no og ebillett