Dei nynorske festspela

Dei nynorske festspela

Ideen om å lage nynorske festspel dukka opp 6. desember 1990.

Då blei konferansen "Eit musisk Volda-Ørsta" om kulturbasert samfunnsutvikling arrangert på Volda lærarhøgskule. Ein av innleiarane var Arne Apelseth. I eit foredrag med tittelen "Husmannsånd i Volda/Ørsta?" fleska han til med skarpe analysar av kulturtilstanden i området. Før han gjekk ned frå talarstolen, peikte han på tiltak for å lufte ut husmannsånda i Ørsta og Volda:

- Desse to kommunane har dei beste føresetnader for å utvikle eit opplevings- og dokumentasjonssenter for korleis folk flest i Noreg kom i kontakt med "det musiske", for det det var - då aktiviteten tok til å bløme her på slutten av 1700-talet. Dette kunne ein ta til med å synleggjere, gjerne i form av ei nynorsk festspelveke. Desse to kommunane burde ha eigeninteresse av å sjå seg sjølve som ein hovudstad for nynorskkulturen, som dei fremste forvaltarane av denne kulturens særdrag og ytringar. Det kunne t.d. resultere i ei årleg festspelveke, gjerne på ettersommaren ein gong, når aktiviteten elles ligg nede.

Fagmiljøa, kulturpolitikarane og Aasen-entusiastane i dei to kommunane tok utfordringa. Å få til noko alt i 1991 var nyttelaust, men i august 1992 var alt klart for det første festspelarrangementet. I 2000, same året som Ivar Aasen-tunet opna, tok Nynorsk kultursentrum over festivalen, som blir arrangert siste helga i juni kvart år.

    Artikkellesar