Kari Veiteberg til Dei nynorske festspela
Foto: Bispemøtet / Hege Flo Øfstaas

Kari Veiteberg til Dei nynorske festspela

Oslo-biskop Kari Veiteberg kjem til Ivar Aasen-tunet og Dei nynorske festspela søndag 10. juni. Ho skal halde preike under festspelgudstenesta og er med i samtale med Linda Eide og festspeldiktar Marit Eikemo.

Kari Veiteberg tok til som biskop i Oslo desember 2017. Ho kom til embetet frå stillinga som bymisjonsprest på Tøyen i Oslo og har ei mangfaldig karriere bak seg både som akademikar og prest.

– Då Kari Veiteberg blei vald til biskop i Oslo, var vi snare med å ta kontakt. Ho er den første kvinnelege biskopen i dette embetet og ein tydeleg nynorskbrukar. Veiteberg er engasjert, klok og nyfiken og kjem til å tilføre søndagen mykje godt innhald, seier dagleg leiar ved Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Biskopen vil halde preika under den tradisjonsrike festspelgudstenesta i uteamfiet i Aasen-tunet. I tillegg møter ho festspeldiktar Marit Eikemo og Linda Eide til ein samtale i salen like etterpå.

– Dette møtet gler vi oss til. Desse tre er utforskande og tenkjande menneske som nok vil leite fram uventa perspektiv hos kvarandre, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Dei nynorske festspela blir i år arrangert frå 7. til 10. juni, i Ivar Aasen-tunet og på andre arenaer i Ørsta og Volda. Der blir også konsert med Eva Weel Skram og tingingsverk om Vinjes Ferdaminne frå Tord Gustavsen. Fullstendig program blir lansert i mars.

 

Søndag 10. juni
13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Språk for tru
Biskop Kari Veiteberg og festspeldiktar Marit Eikemo i samtale med Linda Eide
Kr 150 / student og ungdom 80

Kjøp billett