Marit Eikemo er festspeldiktar i 2018

Marit Eikemo er festspeldiktar i 2018

Marit Eikemo skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela 7.–10. juni i Volda og Ørsta. – Eg er glad og entusiastisk over oppdraget! Eg hamnar med dette i eit strålande selskap av nynorskforfattarar som har hatt den rolla før meg, seier Eikemo.

– Marit Eikemo er ein av samtidslitteraturen sine skarpaste stemmer. Ho er ein av få satirikarar som ikkje treng å ty til ironi eller spydige karakteristikkar for å få fram poenget. Det reknar vi med at festspelpublikummet også vil få oppleve, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Eikemo ønskjer å nytte dette høvet til å framheve andre forfattarar også, og gjennom dette oppdraget bidra til å vise noko av breidda i den nynorske skriftkulturen i dag. Det vil det bli rikeleg høve til i eit år der forlaget Det Norske Samlaget fyller 150 år, og det blir feira 200-årsjubileum for diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje.

Debuten hennar som forfattar kom med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske i 1999. Sidan har det kome ei essaysamling og fire romanar. I den siste romanen Alt inkludert frå 2015 speler marknadskanalen finn.no ei sentral rolle. Her teikner Eikemo eit tydeleg og vittig portrett av Noreg i dag og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd, nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Eikemo har vore journalist i Bergens Tidende, redaktør for Syn og Segn, informasjonssjef for Festspillene i Bergen og kunstnarleg leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda. Tidlegare i haust fekk ho Amalie Skram-prisen. – Som Skram vil ho forstå, men ikkje stille seg til dommar. For dei som verkeleg forstår, kan ikkje dømme, stod det i grunngjevinga til juryen.