Eva Weel Skram til Dei nynorske festspela
Foto: Stine Raastad

Eva Weel Skram til Dei nynorske festspela

Eva Weel Skram held konsert i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela torsdag 7. juni. På programmet har ho heilt nye låtar frå hennar første norskspråklege album og andre utvalde låtar frå karrieren.

Songar og låtskrivar Eva Weel Skram frå Sogndal blei kjend som engelsksyngande popartist, men har dei siste åra byrja å skrive på dialekt. Ho var frontfigur i ei av landets mest suksessrike popgrupper, Eva & The Heartmaker, men står no på eigne bein. På konserten i Aasen-tunet har ho med seg låtskrivar og gitarist Thomas Stenersen i eit stemningsfullt duo-format.

Skram skriv personlege tekstar og musikken hennar byr på eit spekter av kjensler som publikum gjerne kjenner seg att i. Det handlar om kjærleik, vennskap og familierelasjonar som ho framfører med si særeigne stemme.

I 2016 deltok ho i TV 2-programmet «Hver gang vi møtes», der ho utmerkte seg med vakre tolkingar av andre sin musikk, mellom anna Henning Kvitnes sin song «Evig eies kun et dårlig rykte». Same året var ho dagstøtt å høyre i stovene til dei fleste småbarnsfamiliar i landet med «Selmas song» frå NRK sin julekalender «Snøfall».

Dei nynorske festspela blir i år arrangert frå 7. til 10. juni, i Ivar Aasen-tunet og på andre arenaer i Ørsta og Volda. Forfattaren Marit Eikemo er festpeldiktar og vil setje sitt spesielle preg på programmet festspeldagane.

 

Torsdag 7. juni
20.00–21.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Eva Weel Skram
Kr 350 i amfiet/ 325 / ungdom 250 / barn 200

Kjøp billett her