Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt / Nyhendearkiv
Kontakt | Opningstider | Presse
Olaug Nilssen festspeldiktar i 2006blank
Olaug Nilssen (27) blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2006. Ho er den yngste festspeldiktaren til no.

Olaug Nilssen, foto: Jens Helleland ÅdnanesOlaug Nilssen (27) blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2006. Ho er den yngste festspeldiktaren til no. Dei Nynorske Festspela har vore arrangerte kvart år sidan 1992, og Nilssen er den trettande forfattaren som får det ærefulle oppdraget. Festspela blir opna onsdag 21. juni og sluttar søndag 25. juni.

- Eg synest det er ei ære å bli spurt, og eg gler meg til å vere med å lage tidenes kjekkaste festspelprogram, seier Olaug Nilssen. Fredag lanserer Samlaget den nye romanen Få meg på, for faen, som alt har fått stor merksemd. Olaug Nilssen debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr. I 2004 kåra Morgenbladet henne til ein av dei beste forfattarane under 35 år, og same året vann ho Radio Røynda-prisen. Saman med Gunnhild Øyehaug er ho redaktør for det litterære tidsskriftet Kraftsentrum, der første nummeret kjem i november, og ho skriv bloggen www.olaug.skoddeheimen.no. Ho kjem frå Førde i Sunnfjord, men har budd i Bergen sidan 1996.

Det er Nynorsk kultursentrum som arrangerer Dei Nynorske Festspela, og direktør Ottar Grepstad er svært glad for at Olaug Nilssen takka ja til å vere festspeldiktar. - Festspela i 2006 blir prega av at det er hundre år sidan Noregs Mållag blei skipa. Desse festspela vil vi bruke til å sjå framover, og då var det viktig å ha ein festspeldiktar frå den generasjonen av forfattarar som kjem til å prege norsk litteratur dei neste tiåra. Vi legg vekt på å veksle mellom nye og etablerte stemmer, og difor går vi frå Edvard Hoem i år til Olaug Nilssen neste år. Vi har mange sterke namn på lista over dei vi ønskjer som festspeldiktarar i framtida, seier Grepstad.

Programansvarleg Christel Siem i Nynorsk kultursentrum har hatt eit første idémøte med festspeldiktaren, og no tek planleggingsarbeidet til for fullt. Nynorsk kultursentrum samarbeider også tett med Noregs Mållag om profilen på festspela i jubileumsåret 2006, og hadde i førre veka eit ope idémøte for innbyggjarar i Ørsta og Volda. - Eg veit ikkje om nokon festival som har så opne dører som Dei Nynorske Festspela, seier Ottar Grepstad. 

Festspeldiktarar 1994-2006
1994: Kjartan Fløgstad
1995: Halldis Moren Vesaas
1996: Paal-Helge Haugen
1997: Ragnar Hovland
1998: Jon Fosse
1999: Åse-Marie Nesse
2000: Rune Belsvik
2001: Brit Bildøen
2002: Einar Økland
2003: Marie Takvam
2004: Frode Grytten
2005: Edvard Hoem
2006: Olaug Nilssen

(26.10.05)

Skriv ut
blank
Nyhende
Klassisk sommarkonsert i Aasen-tunet
Siri Hovde, Krisztina Eikeset og Sigmund Eikeset serverer klassiske perler frå Bach, Kodaly og Haydn i Ivar Aasen-tunet søndag 1. august.

Møt festspelforfattaren 2011 på Aasens fødselsdag
Den attande festspelforfattaren under Dei nynorske festspela blir presentert på Ivar Aasens 197. fødselsdag torsdag 5. august. Ivar Aasen-tunet inviterer denne dagen både til gratis fødselsdagskake, eit møte med festspelforfattaren 2011 og spesialomvising i utstillinga ”Ivar Aasen i bruk”.

Unik utstilling med Aasen som motiv
Torsdag 5. august held Jostein Mo spesialomvising for utstillinga "Ivar Aasen i bruk".

RSS   RSS

Dagens ord
Kale
er eit ord for tauverk av ymse slag...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
01. august
Klassisk i tunet
blank
05. august
Ivar Aasen i bruk
blank
05. august
Ivar Aasens 197. fødselsdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-