|
|
Her finn du eit biletgalleri med bilete frå årets festspel. Fleire kjem til. |
|
|
|
|
|
Dei nynorske festspela hadde 10 % fleire gjester enn i fjor sjølv om festivalen i år var korta ned frå fem til fire dagar og programmet inneheldt 14 færre arrangement enn i 2009. Over 6200 gjester slutta opp om 51 arrangement under festivalen som blei avslutta i Ivar Aasen-tunet søndag ettermiddag. Billettinntektene blir om lag 25 % høgare enn i fjor. Rønnaug Kleiva var festspeldiktaren i 2010.
|
|
|
|
|
|
Kvar dag under Festspela gir vi ut eit eige meldingsblad med smånytt frå og om festspelarrangement. Festspelsymra blir distribuert på butikkar i Volda og Ørsta, og du kan lese det her på nettstaden. |
|
|
|
|
|
Festspelavisa 2010 kom ut som bilag til Sunnmørsposten torsdag 10. juni. Du kan også lese heile avisa her. Avisa inneheld litt om alt som skjer på Dei nynorske festspela frå 24. til 27. juni. Her er mellom anna intervju med festspeldiktaren, programomtalar av både litterære, musikalske og tankevekkande opplevingar og heile programmet. |
|
|
|
|
|
Cecilie Jørstad er ein skodespelar med mange stemmer. Ho gestalter enerverande Hollywood-karakterar på Disney Channel, men like naturleg framfører ho dikt varmt og inderleg, som helsebot for øyre og sinn. Sist ho var på Dei nynorske festspela las ho dikt av Lars Amund Vaage saman med Tord Gustavsen. Laurdag 26. juni kjem ho tilbake til Ivar Aasen-tunet for å framføre ønskedikta til årets festspeldiktar Rønnaug Kleiva. |
|
|
|
|
|
Kvar dag reiser 120 000 nordmenn med fly. På flyplassane kjøper mange av dei reiselektyre. I dei bøkene er det nesten alltid nokon som reiser. Kva hadde diktekunsten vore utan reiser? Det spørsmålet reiser tre forfattarar og ein journalist til Dei nynorske festspela for å diskutere fredag 25. juni. |
|
|
|
|
|
Det handlar om dei store språka og enkeltmenneska når Rolf Theil og Oddgeir Bruaset kjem til Dei nynorske festpela. Søndag 27. juni møter vi formidlaren Bruaset og språkeksperten Theil i to påfølgande arrangement i salen i Aasen-tunet. |
|
|
|
|
|
Valkyrien Allstars vartar opp med forrykande felespel og rocka folketonar på Dei nynorske festspela. Sjelfull og sterk vokal akkompagnert av feleriff og kollektiv improvisasjon har blitt deira varemerke. Laurdag 26. juni spreier dei gode vibrasjonar frå utescena i Ivar Aasen-tunet. |
|
|
|
|
|
Det er nok av humor, varme, alvor, fart og sjølvtillit i romanen Tonje Glimmerdal. Denne boka har gitt Maria Parr så mange prisar at ein må trekkje pusten minst to gonger for å nemne dei alle. På opningshøgtida for Dei nynorske festspela får ho også tildelt prisen Årets nynorskbrukar, og dagen etter les ho frå boka si på to stader i Volda og Ørsta. |
|
|
|
|
|
Fredag 25. juni gjer kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas opp status for den språklege delen av verksemda i NRK.
|
|
|
|
|
|
Laurdag 26. juni kjem duoen Skaidi til Målbar på Møre folkehøgskule, og ein konsert det vil bli snakka lenge om. Målbar er staden for eit heilt spesielt møte mellom to musikksjangrar og to musikarar som kommuniserer på fantastisk vis. Grensene blir sprengte for det du trudde var mogleg i møtet mellom joik og jazz, mellom den profesjonelle joikaren Inga Juuso og kontrabassisten Steinar Raknes.
|
|
|
|
|
|
Steinar Albrigtsen har urpremiere på sitt nye låtmateriale på Dei nynorske festspela torsdag 24. juni. Albrigtsen syng på nordnorsk når han står på utescena i Ivar Aasen-tunet saman med songaren Monika Nordli og bassisten Andrew Nesblom. Saman gir dei publikum ein musikalsk miks som er ein nordvestlandsk seinsommarkveld verdig.
|
|
|
|
|
|
Gabriel Fliflet har evna til å skape melodiar som er både originale og vakre, samtidig som dei understrekar innhaldet i teksten, skreiv Olav Gorseth frå Bergens Tidende etter at konserten Åresong hadde urpremiere på Festspillene i Bergen i vår. Fredag 25. juni blir det høgtidsstund i Aasen-tunet når Åresong blir framført på Dei nynorske festspela
|
|
|
|
|
|
Som små oasar i bygdebyane våre ligg dei der, kaffihusa. Under Dei nynorske festspela har du høve til å gjere lunsjpausen til eit triveleg litterært avbrekk på eitt av dei.
Unn deg ein rykande varm kopp kaffi til lyden av fersk litteratur, lesen av forfattarane sjølve. Fredag 25. og laurdag 26. juni les fem forfattarar frå bøkene sine på kafear i Ørsta og Volda.
|
|
|
|
|
|
Dei nynorske festspela byd på mange gode opplevingar for born i alle aldrar. På tre dagar kan du kose deg på familieshow med Malin, bli med inn i den raude verda til kjempa Blodrik, ordleike deg gjennom framsyninga med agent ordspion Lurivar, og gå på vandring i Ivar Aasens fotspor. |
|
|
|
|
|
Har du lyst til å gjere ein innsats for Festspela? – Vi treng hjelp til mellom anna rigg, transport og parkering, seier frivilligkoordinator Stina Aasen Lødemel.
− Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Innsatsen dei frivillige gjer, er ein viktig nøkkelfaktor for å få festspelhjula til å gå rundt, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Aasen-tunet. |
|
|
|
|
|
Platesleppet for Benedicte Maurseth si første soloplate er i Aasen-tunet laurdag 26. juni under Dei nynorske festspela.
– Den tradisjonelle slåttemusikken er som bølgjer som går og går, ein straum av tonar der det eine tek det andre, difor syntest eg det passa bra å gi den første soloplata mi tittelen Alde, som er eit gamalt omgrep for bølgjer, seier felespelaren Benedicte Maurseth. |
|
|
|
|
|
Kulturminister Anniken Huitfeldt opnar Dei nynorske festspela torsdag 24. juni. – Ho er den sjette statsråden som gjestar Dei nynorske festspela, og det er ei ære for både utøvarar og publikum at Huitfeldt er til stades, seier programansvarleg Åshild Widerøe. |
|
|
|
|
|
Fredagskveld med Sigvart Dagsland
Han slengde ut jokeren alt med si første plateutgiving for 25 år sidan. Sidan har det berre gått oppover. Sterke tekstar, iøyrefallande melodiar og ein fantastisk stemme har gjort Sigvart Dagsland til ein av dei sjølvskrivne og store pop-artistane i Noreg. Fredag 25. juni høyrer vi han i samtale med forfattaren Olaug Nilssen før han held konsert på utescena i Ivar Aasen-tunet.
|
|
|
|
|
|
Dei kunstnarlege uttrykka til W.A. Mozart og Oddvar Torsheim smeltar elegant saman i den komiske kammeroperaen ”Susanna frå Sunnfjord” som blir framført på Dei nynorske festspela søndag 27. juni. Jorunn Torsheim spelar Susanna i denne fantasien krinsa rundt Susanna-figuren frå Figaros Bryllaup av W.A. Mozart og silketrykket til Oddvar Torsheim frå 1971, Susanna frå Sunnfjord. |
|
|
|
|
|
NRK-journalist Astrid Brekken (67 år) får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela 25. juni. Astrid Brekken er i dag mest kjend frå P2-programma ”Sånn er livet” og ”På livet laus”. Det finst mest ikkje eit emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av sidan ho byrja i NRK i 1971. |
|
|
|
|
|
Det er sommar og skulefri når Malin Reitan kjem til Volda bygdetun for å halde familieshow under Dei nynorske festspela fredag 25. juni. Etter at Malin vann den norske finalen i MGP Junior i 2005, har ho etablert seg som artist med fire solide CD-utgivingar og meir enn 100 000 selde CD-ar. I fjor blei ho den yngste vinnaren av Spellemannprisen nokosinne, som fjortenåring. |
|
|
|
|
|
Konsertar med Sigvart Dagsland, Steinar Albrigtsen og Valkyrien Allstars, sju arrangement om språk, åtte arrangement for born og dusinet fullt med forfattarar. Dette er litt av programmet for Dei nynorske festspela i juni, som frå i år blir fortetta til fire dagar. |
|
|
|
|
|
Maria Parr er Årets nynorskbrukar 2010. Ho får prisen for utsøkt evne til å skape klok og sterk litteratur som gjer det mogleg for born og unge å få meir nærkontakt med nynorsk. |
|
|
|
|
|
Forfattaren Rønnaug Kleiva frå Ørsta blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2010. Ho er den syttande forfattaren som får denne æra. |