Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Språkfakta 2010
Talar og artiklar
Småskrifter
Historiske tekstar
Årets nynorskbrukar
Høyringsfråsegner
Nyttig om nynorsk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blankKontakt | Opningstider | Presse
Høyringsfråsegn om "Bibliotekreform 2014"blank
Hovdebygda, 30. april 2007

Til Kultur-og kyrkjedepartementet

Nynorsk kultursentrum takkar for invitasjonen til å kome med våre merknader til denne store utgreiinga.
            Føresetnadene våre for å vurdere utgreiinga er det samla arbeidet vårt innanfor dokumentasjon og formidling av nynorsk skriftkultur. Basen i dette arbeidet er Ivar Aasen-tunet med arkiv og bibliotek som til saman inneheld om lag 55 000 band, eit arkiv med verdfullt kulturhistorisk originalmateriale og eit museum som har teke opp i seg det eldste personmuseet i landet. På Internett har vi drive nettstaden www.aasentunet.no sidan april 2000. Der er det no om lag 3000 dokument, og om kort tid lanserer vi eit nytt eineståande tilbod – det som med tida blir ei komplett publisering av ei avis i fulltekstformat. Vi har altså lese utgreiinga i kraft av det å vere ein ganske komplett, men liten abm-institusjon.
I tillegg til merknadene nedanfor viser vi til høyringsfråsegna vår om ABM-skrift nr. 32, Kulturarven til alle – digitalisering i abm-sektoren, i brev til ABM-utvikling 1.2.2007.
 
Samandrag
Biblioteka er viktige samfunnsinstitusjonar. Alt som er med og får fram dette, er bra, og emnet i seg sjølv gjer altså denne utgreiinga allmennpolitisk viktig. Den sterkaste sida ved utgreiinga er den solide informasjonen og dokumentasjonen. Vi saknar likevel ei meir konsekvent gjennomføring av eit brukarperspektiv. Utgreiinga tek ikkje i det heile opp ulike sider ved nynorskbrukarane sin situasjon i bibliotekkvardagen. Bibliotekpolitikken er eit viktig element i arbeidet med å gjere unge nynorskbrukarar meir sjølvtrygge språkleg. Her fyller vi ut utgreiinga med noko av den informasjonen og analysen som manglar.
            På tiltakssida har vi kome til at det er forelda nettstrategi å byggje opp ein ABM-portal. Vi er samde i at det er viktig å sikre og utvide innkjøpsordningane for litteratur, og viser særleg til behovet for meir sakprosa i folkebiblioteka. Innanfor innkjøpsordningane tek vi til orde for eit treårig forlagsuavhengig pilotprosjekt 2008–2010 med full betaling til utgivar for innkjøpte originaltitlar på nynorsk for barn og unge I staden for å satse på ei omfattande samanslåing av bibliotek tek vi til orde for ei klarare arbeidsdeling og spesialisering mellom ulike bibliotek, og at bibliotek og museum må utvikle eit betre samarbeid.
            For å rette opp mangelen på ei drøfting av den særmerkte situasjonen for nynorskbrukarar i denne utgreiinga, gjer vi framlegg om at KKD arrangerer ein arbeidskonferanse om desse emna våren eller hausten 2008.
 

1. Generelt
Utgreiinga Bibliotekreform 2014 inneheld mykje verdfull informasjon, interessante analysar og ei rekkje stort tenkte tiltak.
           
1.1 Med blikk for brukarane eller eigne organisasjonsbehov
Utgreiinga framhevar at det gjeld å leggje vekt på ”fokus på brukerne”. For brukarane er truleg det viktigaste at biblioteka tek vare på og utviklar vidare det dei tradisjonelt har vore gode til: å organisere kunnskap slik at den er lett å finne att og lett å formidle. Meir enn nokon gong søkjer brukarane informasjon, og lettare enn nokon gong kan dei sjølve finne fram til delar av den informasjonen. År for år blir dei rett og slett betre i stand til å finne fram til den relevante informasjonen sjølve.
Dette perspektivet gjennomsyrar likevel ikkje utgreiinga så mykje som ein kunne vente. Vi hadde nok også venta at spørsmålet blir stilt om det er ei eller fleire viktige brukargrupper som utgreiinga ikkje er nok merksam på. Vi synest difor ikkje utgreiinga gir eit godt nok bilete av alle dei utfordringane biblioteka står overfor.
Utgreiinga legg stor vekt på biblioteksektorens eigne organisasjonsbehov. Kostnadene er ikkje summerte til slutt, men vi har rekna oss fram til at reformtiltaka i del II vil koste 2,234 millionar 2006-kroner på dei sju åra 2008–2014. Av dette skal 546 millionar kroner gå som auka prosjektmidlar via ABM-utvikling. Dei innkjøpsordningane Norsk kulturråd forvaltar, føreslår utgreiinga å auke med 128 millionar kr i det same tidsrommet. Dette inneber å styrkje den relative posisjonen til ABM-utvikling som sentralt statsorgan innanfor kulturfeltet. Vi er opne for at det kan vere nødvendig, men ikkje sikre på om det bør gjerast på den måten denne utgreiinga tek til orde før.
 
1.2 Eit perspektiv som manglar
Saka har ei språkpolitisk side som utgreiinga uventa nok ikkje tek opp i det heile. I denne utgreiinga er det vanskeleg å finne att ordet ”nynorsk”. Utgreiinga blir dermed språkblind.
            Vi minner også om det brevet vi sende til ABM-utvikling 28.8.2006 om ABM-skrift nr. 27, Rom for lek og læring. Bibliotektilbudet til barn og ungdom (med kopi til KKD) der vi etterlyste det språklege perspektivet. Vi sette vår von til at det ville vere tid til å rette opp iallfall noko av dette i den endelege utgreiinga. No ser vi at utgreiingsarbeidet blei avslutta berre to dagar etter at det brevet blei sendt, så vi las delrapporten på noko sviktande premissar.
Sjølv om det er velkjent for departementet, minner vi difor om to viktige kulturpolitiske premissar frå regjeringa og Stortinget.
Det eine utgangspunktet vårt er St.meld. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014, lagt fram av regjeringa Bondevik, og det Stortinget sa i si handsaming av denne saka i april 2004. Etter at Stortinget slutta seg til hovudpunkta i kulturmeldinga, er det offisiell norsk politikk at nynorsk skriftkultur skal styrkjast systematisk i åra fram til 2013. Det var også brei semje i Stortinget om at styresmaktene gjennom eit breitt spekter av tiltak skal leggje til rette for å styrkje nynorsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, og at dette vil femne om tiltak som i visse samanhengar prinsipielt favoriserer nynorsk.
            Det andre utgangspunktet er Soria Moria-erklæringa, der dei tre regjeringspartia bak regjeringa Stoltenberg seier: ”Skriftkulturen er bærebjelken i norsk samfunns- og kulturliv. Regjeringen vil peke på det verdifulle mangfoldet som ligger i det å ha to norske skriftkulturer. Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter.”
Etter at eit breitt fleirtal i Stortinget våren 2004 slutta seg til hovudlinjene i kulturmeldinga frå regjeringa Bondevik, er positiv favorisering av nynorsk no offisiell norsk politikk. Dette burde mandatet for utgreiinga ha teke omsyn for.
I det landet denne utgreiinga gjer greie for, finst det ingen nynorskbrukarar. Forståinga av kven som er brukargruppene for biblioteka er tradisjonell og lukkande: barn, unge, studentar, eldre, innvandrarar. Utgreiinga gjer til dømes grundig greie for vilkåra for dei nye innvandrarane og viser blant anna til at innvandrarane utgjer meir enn 10 % av innbyggjarane i 14 kommunar (del I, s. 21). Dei fleste av desse kommunane ligg kring Oslofjorden, og i Oslo er snart kvar fjerde innbyggjar innvandrar. Slik vanen er blitt, bruker også denne utgreiinga nemningar som ”det flerkulturelle Norge” og ”den flerkulturelle utfordringen” om denne situasjonen (del I, s. 54 og 196 ff.). Korleis biblioteka kan og bør posisjonere seg i høve til dei språklege utfordringane i den globaliseringsepoken vi no lever i, går ikkje utgreiinga inn på. Det einaste skiljet på dette området går i staden mellom dei som har og dei som ikkje har norsk som førstespråk.
Vi synest altså utgreiinga bruker forelda forståingskategoriar om den norske kultursituasjonen. Hadde ein sett på Noreg som eit samfunn med ein språkdelt norsk kultur, med eit reelt kulturelt mangfald i tillegg til det som følgjer av det historiske etniske mangfaldet, lenge før dei første tyrkarane busette seg i Drammen i 1965, kunne analysane blitt både grundigare og meir uventa. Det må ikkje bli slik at når ein skal inkludere den nye fleirkulturelle situasjonen, greier ein ikkje å sjå mangfaldet i det norske.
Utgreiinga viser til ein del av dei lovene som i dag har mest å seie for biblioteksektoren i landet (del II, s. 238). Der manglar eitt vedtak og éi lov som kunne ha gitt denne utgreiinga opnande perspektiv og friskare konklusjonar: jamstellingsvedtaket frå 1885 og lov om målbruk i offentleg teneste frå 1980.
 
1.3 Behov hos nynorskbrukarane
Det er 865 folkebibliotekavdelingar i landet. På ti år har kommunane lagt ned 40 % av filialane (del II, s. 47). Kommunar med mindre enn 30 000 innbyggjarar har i gjennomsnitt to bibliotekavdelingar. Kvar fjerde kommune i landet har nynorsk som tenestemål. Ingen av desse har over 20 000 innbyggjarar (Nynorsk faktabok 2005, s. 431). Det typiske for nynorskkommunane er altså to bibliotekavdelingar. Om lag ein firedel av folkebibliotekavdelingane ligg dermed i nynorskkommunar. For den lokale kulturpolitikken er desse biblioteka viktige; dei har iallfall vore det. Desse kommunane legg særleg vekt på å fremje bruken av nynorsk. Då blir også vilkåra for litteratur på nynorsk og tilbodet av litteratur på nynorsk i biblioteka viktig. Om det teier utgreiinga.
Ved å kople saman den verdfulle informasjonen i utgreiinga med annan dokumentasjon blir det tydeleg kor krevjande situasjonen er for nynorskbrukarane. Undersøkingar frå 2006 syner at sju av ti under 20 år bruker folkebiblioteka til eiga læring, og at så mykje som tre av ti av 10- og 11-åringane bruker biblioteka til leselesing og skulearbeid (del II, s. 46 og 171). Finn dei nynorskbrukande blant desse elevane det dei er ute etter? I Den språklege lekkasjen, årstale nr. 4 om tilstanden for nynorsk skriftkultur frå 2004, har vi dokumentert at kanskje bort imot 30 % av nynorskbrukarane går bort frå si eiga målform ein gong eller ungdomsskulen, og truleg før dei er 25 år gamle. Dei refererte tala i utgreiinga kan vere med og forklare dette, viss det er slik at nynorskbrukarane har for dårleg tilbod av bøker og lærestoff på biblioteka. Alvoret i dette kjem fram også når utgreiinga peikar på kor viktig det er med tidleg språkstimulering (del II, s. 186). For nynorskbrukarar er det ikkje likegyldig kva målform som pregar ei slik tidleg, nødvendig språkstimulering.
            Nynorsk faktabok 2005 dokumenterer følgjande (tabell 17.30 og 13.1):
•  Uavhengig av innkjøpsordningane kom det i 1975 ut 517 barne- og ungdomsbøker.
31 av desse, eller 6 %, var på nynorsk. I 2000 kom det ut 747 bøker, ein auke på 230 titlar, eller 44 %. Det året var 55 av bøkene på nynorsk, eller vel 7 %.
•  I 1990 blei det kjøpt inn 99 nye barne- og ungdomsbøker over innkjøpsordninga. Av desse var 19, svarande til 19 %, på nynorsk. I 2004 blei det kjøpt inn 123. Då var framleis 19 titlar på nynorsk, svarande til 15 %.
•  I dette tidsrommet kom det til innkjøpsordningar for fagbøker og omsette bøker. Samla sett blei det kjøpt inn 161 titlar for barn og unge i 2004. Av desse var 21, eller 13 %, på nynorsk.
Sjølv om nynorskbøkene gjer meir av seg i innkjøpsordningane for barne- og ungdomsbøker enn i det samla tilbodet av slike bøker, får bibliotekbrukarane kvart år altså ikkje meir å velje i av nynorskbøker no enn for femten år sidan, men talet på innkjøpte bokmålsbøker (medrekna dei nyare innkjøpsordningane) er auka med nesten 50 % i det same tidsrommet. Utgreiinga peikar sjølv på at særleg for mindre bibliotek utgjer bøkene frå innkjøpsordningane ein stor del av tilveksten i bokhyllene. Tydelegare kan det ikkje seiast at unge nynorskbrukarar kjem i klemme når dei går til biblioteka.
            I fellesdokumentet Politikk for nynorsk frå 20 nynorskorganisasjonar og -institusjonar 14.9.2006 heiter det: ”Vegen til å skape ein jamnare balanse i den språkdelte norske kulturen går gjennom satsing på tiltak for barn og unge. Vi vil særleg peike på behovet for målretta tiltak overfor barnehagane. Desse er viktige arenaer for språkleg sosialisering og identitetsforming. Barn med nynorsk bakgrunn har eit svært magert tilbod av så vel levande som lett tilgjengeleg song- og kulturtradisjon. Barn med nynorsk som hovudmål treng positiv favorisering. Bokmålsbarn får så mykje gratis fordi dei møter sitt eige språk overalt. Nynorske barn gjer ikkje det. Dei må få møte sitt eige språk fleire stader enn i skulebøkene i form av sakprosa eller skjønnlitteratur. Desse barna treng også sakprosa og lettare underhaldningsstoff som teikneseriar og annan populærkultur på nynorsk. Då vil dei erfare at språket deira kan brukast til alt og over alt.”
            Dette bør vere viktige faktorar også i det vidare arbeidet med å gjere norske bibliotek endå betre.  
Nynorsk faktabok 2005 inneheld også mykje informasjon om korleis vaksen skjønnlitteratur og sakprosa fordeler seg mellom målformene. Utgreiinga gjer derimot som så mange andre har gjort før: Den viser til at talet på nye norske skjønnlitterære titlar for vaksne har auka kraftig frå 1960-åra til i dag. Av di ein ikkje skil mellom målformene, oppdagar ein ikkje at både i 1970 og i 2004 spreidde innkjøpsordninga 17 nynorske prosatitlar for vaksne til alle biblioteka, medan det blei kjøpt inn 85 bokmålsbøker av dette slaget i 1970, mot 123 i 2004. Det er altså på bokmålssida i den språkdelte norske kulturen at veksten har kome. Tala tyder på at innkjøpsordninga først og fremst har stimulert til breiare utgiving av bøker på bokmål.  
            Til saman har dei 865 folkebiblioteka over 20 millionar bøker (del II, s. 39). Tre av ti bøker er skjønn- eller faglitteratur for barn. Kva tilbod finst på nynorsk? Kor mykje dominerer bokmålslitteraturen? Utgreiinga stiller ikkje slike spørsmål, og lesaren blir verande like klok.
 
1.4 Digital informasjon
Utgreiinga viser til at så godt som alle under 19 år i dag har tilgjenge til Internett (del II, s. 27). Det har i seinare år gått føre seg ein tydeleg debatt om kor viktig det er at barn og unge på Internett finn dei tilboda dei bør få, og at desse finst på deira eige språk og i deira eiga målform. Utgreiinga viser ein del døme på kva biblioteka i seinare år har fått fram av digitalt innhald. Der er det mykje å gle seg over. Diverre manglar utgreiinga eit sett av kriterium som kan hjelpe til med å oppdage kva som manglar eller kor det røyner mest på. Ein ser samane, kvenane, dei nye innvandrarane, og det er svært viktig at desse blir sett. Med sine eittspråklege, men moderne fleirkulturelle briller overser derimot utgreiinga behova til 600 000 nynorskbrukarar og alle andre som ønskjer kunnskapstilbod på nynorsk på Internett. Såleis nemner ikkje utgreiinga dei viktige vedtaka i regjeringa og Stortinget hausten 2005 om å løyve dei første midlane til Nynorsk digitalt leksikon
           
2. Merknader til enkeltforslag i del I
2.1 Innhaldsproduksjon er viktigare enn ABM-portal (målområde 1, strategi 1.1, s. 21)
Vi har kome til at vi må rå frå å bruke tid og pengar på å etablere ein felles ABM-portal. Verdien av ein slik portal kan illustrerast med eit døme frå kvardagen: Hausten 2004 arrangerte Nynorsk kultursentrum ein stor konferanse som resulterte i skriftet Nynorsk innhald på Internett. Dokumentet har vore tilgjengeleg på www.aasentunet.no sidan november 2004. Slik informasjon blir raskt forelda, men vi trur nok enkelte av perspektiva og analysane i dokumentet hadde vore av verdi i utgreiingsarbeidet. Denne mangelen illustrerer indirekte det grunnproblemet utgreiinga prøver løyse: tilgang til relevant digital informasjon. Ville ein ABM-portal av den typen utgreiinga skisserer, sikra at dei som laga denne utgreiinga, ville ha fanga opp det nemnde dokumentet? Vi trur ikkje det. Den som googlar på ”nynorsk+internett”, kjem raskt fram.
            Det er ikkje mange år sidan nettportalar var den dominerande publisistiske strategien. På dei same åra har søkjemotorane utvikla seg raskare enn tenkinga om nettportalar. Vi ser ein viss fare for at portal som strategi gjer internettsatsinga meir avsendar- enn brukarorientert. Prosjektet Digitalt ABM som ABM-utvikling no arbeider med, er for oss eit døme på dette. Vi trur ikkje slike portalar utan vidare sikrar tilgangen på relevant informasjon og meiner det er unødvendig bruk av offentlege midlar å konstruere eit slikt tilbod. Det er mykje viktigare å bruke dei same midlane til å produsere nødvendig norskspråkleg innhald. Eit døme her er planane for Nynorsk digitalt leksikon, framheva av eit breitt stortingsfleirtal seinast i budsjettinnstillinga for 2007.
Vi er ut frå dette heller ikkje overtydde om at nasjonale fellessatsingar av typen Kulturnett Noreg er framtidsretta nok. Vi ser at slike portalar er med og aukar treffprosenten for dei enkelte nettstadene i søkjemotorane, og for profesjonane kan bruksverdien vere høg viss ein nyttar tenesta regelmessig. Den allmenne bruksverdien er vi meir i tvil om, med unntak av dei regionale kulturnetta som har fått fram mykje stoff av stor verdi. Dét er eitt av mange paradoks ved Internett: Di meir globalt tilgjengeleg stoff er, di meir interessant set det ut til at det lokale blir.
 
2.2 Norsk digitalt bibliotek (målområde 1, strategi 1.1, s. 21)
Dette prosjektet har vore i arbeid i mange år. Likevel må vi vedgå at vi framleis strevar med å få tak i essensen i prosjektet. Praktiske løysingar som felles lånekort er gode grep som vil kome publikum til gode. Frå vår side viser vi til samtalar med leiinga i ABM-utvikling i april 2004. Der tok vi opp behovet for at planane for Norsk digitalt bibliotek frå dag 1 inkluderer omsynet til nynorskbrukarane. Vi finn ikkje dette att i utgreiinga, men reknar med at dette blir løyst.
 
2.3 Digitalisering (målområde 1, strategi 1.2, s. 21)
Det følgjer av det vi har framheva ovanfor at digitalisering av materiale bør prioriterast, og at ei effektiv arbeidsdeling føreset ei samordning av kva som skal prioriterast. Då er det viktig at slett ikkje berre det materialet som har størst interesse, blir digitalisert, men at det offentlege tek omsyn til dei svært ulike interessene, behova og kulturelle referanserammene i det norske samfunnet. I den digitale kvardagen kan det spesielle bli uventa allment og det allmenne uventa spesielt. Her er vi sikre på at mange arkiv og museum sit med materiale som kan ha like stor verdi som det biblioteka forvaltar. Når ein skal konkretisere kva type materiale som bør gjerast tilgjengeleg, må det også kome med store mengder nynorsk tekst frå ulike tidsrom. Vi vil for vår del i juni 2007 gi eit slikt innspel til Nasjonalbiblioteket og deira store digitalisering.
 
2.4 Breiare program for litteraturformidling (målområde 1, strategi 1.5, s. 22)
Vi er samde i at det no gjeld å gjennomføre program for litteraturformidling. Her trur vi biblioteka bør samarbeide meir med andre kulturinstitusjonar i lokalsamfunn enn dei gjerne gjer i dag. Til dømes kan mange museum i slike formidlingstilbod vere med og gjere den litterære opplevinga og innsikta tredimensjonal. Vi viser her til brev frå oss til ABM-utvikling 9.3.2007 med framlegg om at det blir skipa eit museumsnettverk for litterære museum som vi tek på oss å leie. Dette Litteraturnettverket kan blant anna arbeide med definerte oppgåver innanfor litteraturformidling.
Lesing er blitt ei prioritert kulturpolitisk sak, og det er bra. Vi ventar ikkje at denne utgreiinga skulle gå særleg inn på dei pedagogiske utfordringane ein står overfor når slike lesekampanjar også skal prøve å nå fram til dei elevane med det mindre brukte språket, nynorskelevane. Derimot burde altså utgreiinga iallfall ha teke opp den meir allmenne sida ved dette.
På få år har det offentlege brukt mange millionar kroner på spenstige lesekampanjar, i tillegg til dei store summane som Den kulturelle skulesekken blir fylte opp med. Dette er verdifulle tiltak, men felles for desse satsingane er at dei har vore fri for språkpolitiske føringar. Dermed møter nynorskelevar i skulen endå meir bokmål enn dei gjorde før, og det blir knapt nokon nynorskelev betre av.
Vi trur det er nødvendig å lage målretta kampanjar som gir nynorskelevane mykje meir lesestoff på deira eiga målform. Det kan innebere å utvikle lesestoff som ikkje alt finst eller som det ikkje finst ein kommersiell marknad for enno.
 
2.5 Den kulturelle skulesekken (målområde 1, strategi 1.5, s. 23)
Utgreiinga minner om at biblioteka må følgje opp når Den kulturelle skulesekken blir utvida til nye aldersgrupper. Det er vi samde i. Skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanane, byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen og blant anna gjere skulen til ein berar og formidlar av identitet knytt til språk og kulturell arv. Den kulturelle skulesekken skal også spegle elevane sine eigne kulturformer. Den store evalueringsrapporten Ekstraordinært eller selvfølgelig? frå 2006 tok diverre ikkje opp kva dette må innebere i praksis. Vi viser her til høyringsfråsegna vår om rapporten, sendt til KKD 1.2.2007, som vi samanfatta slik.
”På grunnlag av sentrale politiske premissar frå regjeringa Stoltenberg og eit breitt fleirtal i Stortinget tek vi i denne høyringsfråsegna til orde for at det blir sett av midlar til pilotprosjekt for utvikling av kunst- og kulturtilbod retta spesielt mot barn med nynorsk som hovudmål, som kan styrkje den språklege sjølvkjensla deira. I neste omgang bør slike nynorskbaserte tilbod også utviklast for barn med nynorsk som sidemål.”
 
2.6 Større og meir målretta innkjøpsordningar (målområde 1, strategi 1.5, s. 23)
Dei norske innkjøpsordningane for bøker er ein så stor suksess at dei er i ferd med å bli eit problem for mange bibliotek. Det skjer dels ved at biblioteka ikkje maktar å ta imot dei mange innkjøpte titlane og halde dei tilgjengelege lenge nok, dels ved at mediebestanden ved mange bibliotek blir skeiv.
I mange kommunale bibliotekbudsjett utgjer innkjøpsordningane ein salderingspost; altfor mange kommunar kan skjere i innkjøpsbudsjetta for biblioteka sine og vite at biblioteka likevel får ein jamn tilvekst av bøker. Konsekvensen av dette er at bibliotekbrukarane får eit svært godt tilbod av skjønnlitteratur og eit jamt dårleg tilbod av sakprosa av di nesten alle innkjøpsordningane gjeld skjønnlitteratur. Den språklege delen av denne tendensielle utarminga er at mange bibliotekbrukarar får eit altfor dårleg tilbod av nynorsk sakprosa. Bibliotekpolitikken fører då til at førestillinga om at nynorsk ikkje kan brukast til alt, blir halden oppe, sjølv om det var alt anna enn tilsikta. 
Marknaden for barne- og ungdomsbøker fløymer no over av bokmålsbøker i så store mengder at innkjøpsordninga har store problem med å ta unna. Å stimulere til fleire barne- og ungdomsbøker på nynorsk er noko av det viktigaste i den språkpolitiske delen av norsk bibliotekpolitikk. Då må ein favorisere nynorskbøker positivt, og vi meiner det er fornuftig å bruke eksisterande ordningar for å oppnå nye resultat i staden for å fragmentere og byråkratisere nye støtteordningar.
Automatikken i innkjøpsordninga er knytt til kvalitet. Bøker som ikkje held mål, blir heller ikkje kjøpte inn. Det må framleis stillast dei same kvalitetskrava til nynorske bøker for barn og unge som det har vore gjort til no. Automatikken er derimot ikkje knytt til økonomi, og kan takast vare på samstundes som alle forlag blir behandla likt som gir ut bøker for barn og unge på nynorsk. Vi tek difor til orde for eit treårig forlagsuavhengig pilotprosjekt 2008–2010 med full betaling til utgivar for innkjøpte originaltitlar på nynorsk for barn og unge.
 

2.7 Samanslåing av bibliotek (målområde 2, strategi 2.1, s. 33) 
Utgreiinga overfører konsolideringsmodellen for museum til biblioteksektoren. At det finst så mange bibliotek utan faglærte medarbeidarar, kan jamførast med situasjonen i museums-Noreg for ti år sidan, der mange institusjonar dreiv på frivillig basis med høgst varierande kompetanse. Også eigeformene er svært ulike: Folkebiblioteka er eit kommunalt ansvar som jamvel er lovfesta, medan musea hadde og har fleire ulike organisasjonsformer.
            Vi synest museumsreforma bør evaluerast grundig før ein tek til å lage organisatoriske blåkopiar for andre typar kulturinstitusjonar. Først då kan det bli tydeleg om slike konsolideringar er det beste grepet i biblioteksektoren eller om det kan føre til at biblioteka organiserer seg meir bort frå publikum og brukarane. Det er nok viktigare for publikum med kort veg til biblioteket enn til museet av di desse institusjonane blir brukte så ulikt. Spørsmålet er korleis biblioteka sitt ansvar for litterær breidd i tilbodet kan kombinerast med føremålstenleg organisering.
 
2.8 Større breidd i skulebiblioteka (målområde 2, strategi 2.1, s. 33) 
Vi er samde i at skulebiblioteka må styrkjast, men framstillinga av emnet er for knapp i lys av det manglande språkperspektivet (del II, s. 61 ff.).
For å kartleggje språkfordelinga i mediebestanden ved skulebiblioteka kunne utgreiinga ha henta fram interessant materiale frå ei stor undersøking om nynorsk som sidemål som Utdanningsdirektoratet publiserte våren 2006 – Kartlegging av sidemålsundervisningen på 10. trinn og VK 1, allmennfaglig studieretning. Den viste at skulane legg gledeleg stor vekt på å bruke meir nynorsklitteratur i undervisninga, men at det store fleirtalet av skulane ikkje har følgt opp dette i form av auka innkjøp. Over 70 % av rektorane ved ungdomsskular og nær 60 % av rektorane ved vidaregåande skular svara at dei i ganske eller svært liten grad kjøper inn nynorskbøker til skulebiblioteka (tabell 5.17).
Mangelen på nynorsklitteratur i skulebiblioteka er éin kritisk faktor. Ein annan faktor som truleg er like kritisk, er at skulane manglar kunnskap om særleg den nyare barne- og ungdomslitteraturen på nynorsk. Her veit vi at Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har sett i gang viktige informasjons- og motiveringstiltak. Dette trengst det mykje meir av.
 
3. Andre merknader
3.1 Klarare arbeidsdeling
I den digitale kvardagen gjeld det å produsere godt innhald og gjere det lett tilgjengeleg for brukarane. Då kan ei klar arbeidsdeling mellom ulike institusjonar vere minst like viktig som å mykje krefter og pengar på organisatoriske samanslåingar, med alle dei kommunegrensekryssande problem det inneber. Vår forståing av det norske kulturelle mangfaldet tilseier at det er viktig at ulike miljø og institusjonar arbeider med det dei kan bli best til, i staden for at altfor mange held på med det same og er like gode (eller dårlege). På same måten som biblioteka i Finnmark har bygt opp kompetanse innanfor samisk, kvensk og russisk litteratur, trengst det nok i dag også bibliotek og kompetansemiljø som kan det nynorske betre enn andre.
 
3.2 Arbeidskonferanse om den nynorske situasjonen
Av di både mandatet og utgreiinga heilt har oversett behovet til nynorskbrukarane, gjer vi framlegg om at departementet saman med ABM-utvikling set av midlar til ein arbeidskonferanse våren eller hausten 2008 for å få fram meir kunnskap om denne situasjonen og drøfte målretta tiltak. Her vil nok mange bibliotek, forlag, nettpublisistar og nynorskinstitusjonar svært gjerne vere med og drøfte situasjonen og utvikle målretta tiltak. Nynorsk kultursentrum er gjerne vertskap for ein slik konferanse i Ivar Aasen-tunet.
 

Vi ønskjer lykke til i det vidare arbeidet med alle dei viktige spørsmåla denne utgreiinga tek opp og utløyser!
 
 
Med vennleg helsing
Nynorsk kultursentrum

Ottar Grepstad
direktør
Skriv ut
blank
Nyhende
Klassisk sommarkonsert i Aasen-tunet
Siri Hovde, Krisztina Eikeset og Sigmund Eikeset serverer klassiske perler frå Bach, Kodaly og Haydn i Ivar Aasen-tunet søndag 1. august.

Møt festspelforfattaren 2011 på Aasens fødselsdag
Den attande festspelforfattaren under Dei nynorske festspela blir presentert på Ivar Aasens 197. fødselsdag torsdag 5. august. Ivar Aasen-tunet inviterer denne dagen både til gratis fødselsdagskake, eit møte med festspelforfattaren 2011 og spesialomvising i utstillinga ”Ivar Aasen i bruk”.

Unik utstilling med Aasen som motiv
Torsdag 5. august held Jostein Mo spesialomvising for utstillinga "Ivar Aasen i bruk".

RSS   RSS

Dagens ord
Kale
er eit ord for tauverk av ymse slag...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Dagbok
Fuldkommen frisk. Faaet Dølen.
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-