Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Program
Billettar
Kart og reiserute
Overnatting
Kontaktpersonar
Tidlegare festspel
Festspela 2009
Festspela 2008
Festspela 2007
Festspela 2006
Festspela 2005
Festspela 2004
Festspela 2003
Festspela 2002
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blankKontakt | Opningstider | Presse
Vinnarar i golfordkonkurransenblank

Den 18.5.2005 inviterte vi til å kome med forslag på nynorske ord for i alt 90 ulike golford, alle henta frå elevheftet "Veien til Grønt kort", utgitt av Norges Golfforbund. No har ein eigen jury plukka ut dei beste orda.

Vinnarar
Juryen har premiert forslaga i stort alvor og med glimt i auga. Vi har lagt vekt på funksjonalitet og at orda er meiningsberande og klargjerande, og teke omsyn til at nokre uttrykk alt er godt innarbeidde i munnleg form.

Beste samla forslag
Ingebjørn Røren, Ulsteinvik, for grundig arbeid og mange godt gjennomtenkte forslag, blant anna LAUSTORV for DIVOT og SLAGLENGD for CARRY.

Rett-i-holet-prisen
Delt mellom Ingebjørn Røren, Ulsteinvik, og Torfinn Slettebø, Skulestadmo, for RETT-I-HOLET  for HOLE-IN-ONE.

Pro-prisen
Asbjørn Ramnefjell, Østerås, for at ein av dei mest rutinerte og meritterte golfspelarane i landet stiller opp og viser at språk er viktig også i idretten, og for gode forslag som STILLE SEG OPP for APPROACH.

Det enkle er det beste-prisen
Rune Strømmen, Volda, og Ingebjørn Røren, Ulsteinvik, for GRASGAFFEL for GREENGAFFEL

Rekrutteringsprisen
Marit Halse, Oslo, for mange gode forslag og teft for både språk og golf

Heiderspris utanfor konkurransen
Amund Ekroll og hans medspelarar i Colorado, USA, for utvikling og bruk av norske golford over lang tid i USA, og for fulltreffaren GRØNNA.

Komplett golfordliste
Ut frå dei forslaga som er komne inn, kan det no lagast ei nesten komplett norsk golfordliste. Kva ord som glid inn i daglegtalen, kan likevel ikkje ein jury avgjere åleine. Konkurransen har vist at både golf og andre idrettar kjem langt på norsk. Vi vil gjerne stimulere interessa for norske golford og for golfsporten, og publiserer difor ordlista her. 

Det kan vere særleg interessant å få fleire forslag til ein del ord som står i forhold til kvarandre og heng saman, så som birdie-eagle-albatross, draw-fade og hook-slice.
Vi har blinka ut nokre ord som vi meiner bør gå rett inn i golfspråket, og så oppfordrar vi golfspelarar både i inn- og utland om å følgje opp og kome med nye forslag. Om eitt år håpar vi Dei nynorske golfspela kjem att!

Helsing juryen
Ottar Grepstad (Nynorsk kultursentrum, juryleiar), Jostein Digernes (Volda Golfklubb), Halvor Kleppen (Norsk Golf) og Ålov Runde (Norsk Ordbok 2014).

(04.07.05)

Skriv ut
blank
Nyhende
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik
Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.

– Avisene viktigare enn bøkene
– Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Gjøla
er eit gammalt og velkjent ord for 'smigra'...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Dagbok
Et Stykke om Sødyr (til Fedraheimen).
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-