Kafeen i Ivar Aasen-tunet serverer smårettar, kaffi og heimelaga kaker kvar dag. Kafeen er open 6 dagar i veka i vintersesongen, og 7 dagar i veka i sommarsesongen.
Lokala i Ivar Aasen-tunet høver godt for ulike typar lukka arrangement, og vi tilpassar tilboda om utleige og evt. omvising til gruppestorleik og type arrangement. I samband med utleige, arrangement og liknande serverer vi også trerettars måltid eller andre gode rettar frå vår innhaldsrike meny.
Frå opninga i 2000 og til våren 2008 har nærmare 35 000 nøgde gjester vore i Aasen-tunet i samband med eit utleigearrangement. Vi kan tilby eit av landets finaste bygg, tilrettelagt for store og små arrangement.
Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.
– Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust.