Lurivar-omvising kvar tysdag og fredag i heile sommarsesongen
Omvising kvar heile time
Dokumentarfilm om Ivar Aasen kvar halvtime
Lurivar-omvising for born kl. 13 kvar tysdag og fredag i sommarsesongen.
Arkitekturomvising i eit av Sverre Fehns hovudverk kl. 14 kvar dag
Natursti (ordløype) til Barneboktua, Lurivars eige sommarbibliotek
Kafeen byd på smakfulle smårettar og barnevenleg meny
Butikken rommar hundrevis av varer og gåveartiklar i mange prisklassar. Mykje av dette finn du berre hos oss.
Familievenlege aktivitetar
For barnefamiliar er det mykje å gjere i Aasen-tunet. Vi har ein spennande natursti opp til Høgetua, og på toppen finn de Barneboktua, Lurivars eige sommarbibliotek. Populære inneaktivitetar er laging av tunkatt-bokmerke, puslespel, dialektspel og sjølvsagt eit besøk på hemsen til Lurivar. De kan ete Lurivars lure vaflar, og om de kjem ein dag Lurivar er heime (tysdag og fredag), gir han borna ei spesialomvising slik berre han kan.
Aasmund Nordstoga er først ute på haustprogrammet til Ivar Aasen-tunet. Onsdag 15. september kjem han til tunet med sine populære versjonar av songar frå den norske viseskatten. Ragnhild Hemsing, Edvard Hoem, Olav H. Hauge og Donald Duck er andre namn på den varierte haustmenyen i Aasen-tunet.
Jon Fosse-arkivet er klar til bruk. Fredag 10. september får Jon Fosse Den internasjonale Ibsenprisen. Same dagen er forfattarens eige klipparkiv saman med mykje korrespondanse, foto og anna materiale sortert på enkelt vis og tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet.