Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
Søk i Fedraheimen:

blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blankKontakt | Opningstider | Presse
Eit og annat fraa ei Englandsferd. blank
[Del 13 av 14. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
 
London.
 
Charing Cross.
 
Edvard den fyrste misste Kona si, Eleanor, og de skulde bera Liket til Westminster Abbedi. Paa Vegen dit sette dei Likkista ned og kvilde seg, og der sette Kongen ein Kross til Minne um detta. Detta Stellet heiter endaa Charing Cross, og nokre segjer, at Namnet ”Charing” kjem av Edvard den fyrste si ”chére reine” (kjære Dronning). Andre meinar det kjem av ein liten Landsby Cherringe, som laag her i gamle Dagar. Krossen vart nedriven 1647.
           
Charing Cross er midt imot Trafalgar Square, paa Sudsida. Her stend det ei Ryttar-Stytta av Kong Karl den fyrste. Ho vart støypt 1633, men dei hadde inkje sett ho upp endaa, daa Kongen fekk Ufred med Parlamentet. Kongen vart rettad 1646, og England vart Republik. Parlamentet tok daa og selde Stytta til ein Gjørtlar og gav han Paalegg um aa smelta ho upp. Gjørtlaren grov ho ned i Jordi og selde Bronse-Stykke, som han sagde var av Stytta, baade til Venerne og Fiendarne til Kongehuset og tente grust med Pengar. Sidan, daa Karl den andre vart Konge, kom han fram med Stytta, heil og uskadd, og fekk venteleg Pengar av Kongen fyr det. No vart Stytta uppsett der som Krossen hadde voret fyrr, og der stend ho endaa.
 
Underground Railway.
 
Eg hadde høyrt so mykje Snakk um ein Jarnveg i London, som gjekk under Jordi, men Folk hadde talt meg fraa aa fara med den, mindre eg hadde ein kjend Mann med. Eg hadde raakat ei engelsk Dama, som var kjend baade i London, Tyrkiet, Amerika, Russland, Ægypten og Norig og mange andre Stader, men ho torde inkje fara aaleine paa den Jarnvegen. ”Vondt er det aa finna nettupp det Trænet, ein skal med; so ber det inn i ein Tunnel, og so kjem ein til ein Station, og ein Jarnvegsmann ropar ut Namnet paa Stationen, men han gjer det so fort, so det er umogelegt aa høyra, kvat han segjer. Det stoppar berre nokre faa Sekundar, so ein fær inkje Stunder til aa umraada seg helder. Eg for eingong lenge hit og dit dernede, og kunne inkje faa vita kor eg var. Endeleg slapp eg upp paa Jordi i den andre Enden av Byen enn der eg skulde.”
           
Detta høyrdest trøysamt ut. Eg spurde etter paa Hotellet, um eg kunne faa Fylgje, men ingen skulde med den Jarnvegen, og aaleine kunne eg inkje greida det, sagde dei. Men det hadde eg Moro av aa freista.
           
Ein Sunndag Eftan gjekk eg til ein av Stationarne til denne Jarnvegen, Portland Road. Det var eit litet laagt Hus. Eg hadde ætlat meg ut til Kew Gardens, ein botanisk Hage, fekk Billet og gjekk ned ei Tropp til Jarnvegen, som var under Gata. Det var mange Lykter, so ein kunne godt sjaa. Det Trænet, eg skulde med, skulde koma 2,24. 10 Minuttar fyre Tidi kom det eit Træn rennande fram or Myrkret, braastanad, stod nokre faa Sekundar, og av for det inn i Myrkret att. ”Her er nok best aa passa paa,” tenkte eg. Nokre Minutar etter kom det eit Træn til, braastanad og for. No var det 3 Minutar att. So kjem det eit Træn. ”Er det Trænet til Kew Gardens”? spurde eg. ”Nei.” 2,24, inkje ein Minut for tidleg elder for seint, kom mitt Træn. Eg skvatt inn, fekk so vidt kveikt paa Pipa, so var me i Gang. Eg talde Stationarne paa Fingrarne til aa vera trygg. Tridje Stationen kom me upp paa Jordi, og no bar det utyver paa Landet. Det var godt aa koma ut or Byen ei Stund. Paa ein Station saag eg Namnet Shepherd’s bush (Saudegjætar-Byskjet), det var nokot annat enn Kolrøyk og Gjyrma. Det var liksom eg hadde voret ein gamal Mann lenge og med eingong vart Smaagut att. Eg kom til aa tenkja paa den Tidi, daa eg og ”Næten” og ”Gallaken” og ”Sebrann” leikad i Skog og Mark heile Dagen. Det var andre Desember, men endaa fint som paa ein Vaardag. Daa eg kom til Kew Gardens, for eg lenge um i Hagen og saag paa nokre smaa Blomar (venteleg Ugras), som blømde her og kvar, og kunne inkje riva meg laus. Sistpaa laut eg draga meg sjølv i Skjegget til aa minna meg um, at eg ingen Smaagut var, og at eg hadde gjevet mange Pengar til denne Ferdi, so eg laut bruka Tidi betre. So saag eg paa nokre Samlingar av ymse Ting, som eg inkje forstod meg paa, men so fekk eg med ein Gong sjaa det store namngjetne Palmehuset, med Glas-Tak. Der gjekk eg inn og glaamad paa dei veldige Palmetrei; allvist midt i Huset stod det ei høg vakker Palma. Eg vart so forundrad, so eg tok meg ein ny Buss og sette baade Henderne i Luma og kjeikad Hovudet attyver og skulde til aa bisna paa detta store Treet.
           
”All out.”
           
”Ut alle ihop” var det ein som sagde. Klokka var 4, og dei skulde stengja Hagen.
           
Paa Heimvegen talde eg Stationarne paa Fingrarne att; ved den 10de for me ned i Jordi; naar me kom til ein Station, var det ein som ropad ut Namnet, men det var so utydelegt, at eg kunne inkje skyna, um han sagde ”Baker Street” elder ”Tyskestranda,” elder kvat det var; men det var endaa lett aa rettleida seg, totte eg, for Namnet til Stationen stod paa ei Tavla fleire Stader, so naar ein passad godt paa, var det inkje so faarlegt. Endeleg kom me til den trettande Stationen, eg las Portland Road paa ei Tavla, det høvde godt, og eg smatt ut. ”De kann takka Gud, De kom væl heim,” sagde ei gomol Dama paa Hotellet um Kvelden.
           
”Ja, det kann eg,” svarad eg, og so fortalde eg, at paa Vegen til Stationen var det ein, som stakk til meg ein Traktat, og at paa Stationen spurde eg ein Jarnvegsmann um eitkvart, eg skulde hava Greida paa, um me skulde skifta Træn og sovoret. Han svarad nokot tvert, so eg gjekk fraa han, og daa det endaa var ei Stund att, til Trænet kom, tok eg upp Traktaten og las i. Men so kom Jarnvegsmannen burt til meg og var svært blid og sagde: ”De er visst ein god Mann,” og so gav han meg all den Greida eg vilde hava.
           
”Ja der kann De sjaa,” sagde Dama.
           
Hovud-Lina paa denne Jarnvegen under Jordi gjeng ut fraa Aldgate, ved Tower, og gjeng so i Nordvest under Gaturne og Husi og ender og daa uppe i Dagen millom høge Murar, og gjeng so mot Vest til Vestenden av London, og so i ein stor Ring ned mot Elvi og derfraa mot Aust til Mansion House ved Banken. Fyrste Trænet gjeng Klokka 6 um Morgonen, og kvart Korter gjeng det eit Træn, til Klokka vert 8; so er det berre 5-10 Minutar millom kvart Træn, til ho er 8 um Kvelden. Fraa 8 til Midnatt er det eit Korter att millom kvart Træn. Paa eit Stykke av Lina fer det 568 Træn kvar Vyrkedag. I 1877 for det 56 Millionar Folk paa denne Jarnvegen. Taksten er billeg, aldri meir enn ein engelsk Shilling (inkje fullt ei Kruna), um ein fer aldri so langt.
                                                           
 

Frå Fedraheimen 22.05.1880
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum

Skriv ut
blank
Nyhende
Jon Eikemo med Per Sivle-framsyning på Ørsta kulturhus
Onsdag 10. februar kjem Jon Eikemo til Ørsta kulturhus med framsyninga "Ikkje lenger enn min kjærleik rekk".

Dei språklege skilnadene i Noreg aukar
– Dei språklege skilnadene aukar i Noreg, og det er bra, sa direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet då han onsdag lanserte ”Språkfakta 2010”.

Nye forteljingar om Ivar Aasen
Det blir framleis skrive nye forteljingar om Ivar Aasen. Tysdag 26. januar opna ei ny nettutstilling med utgangspunkt i bilete av 20 gjenstandar som Ivar Aasen i si tid eigde.

RSS   RSS

Nettbutikk
Pipe-t-skjortePipe-t-skjorte
T-skjorte med bilete av Ivar Aasen si pipe
blank
Dagbok
Ilt Mod. Syvende Ark af Ordspr.
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-