Ei omvising gjennom det gamle tunet på garden Åsen, og gjennom nybygget i Ivar Aasen-tunet, gjer at publikum får meir ut av ei vitjing. Ei vanleg omvising varer kring 45 minutt, men det er sjølvsagt problemfritt å få kortare eller lengre omvisingar, dersom det er ønskjeleg. Vi tilrår sterkt at omvisingane varer minst 45 minutt.
16. august - 14. juni: Omvising etter avtale med formidlingsleiar Kjersti Markegård Bae, e-post kjersti.markegard.bae(a)aasentunet.no eller tlf 70 04 75 81.
15. juni - 15. august:
Omvising kvar heile time
Spesialomvising for born med tunkatten Lurivar kvar tysdag og fredag i heile juli.
Dokumentarfilm om Ivar Aasen kvar halvtime
Grupper kan gjerne ta kontakt på førehand på tlf 70 04 75 70
Aasmund Nordstoga er først ute på haustprogrammet til Ivar Aasen-tunet. Onsdag 15. september kjem han til tunet med sine populære versjonar av songar frå den norske viseskatten. Ragnhild Hemsing, Edvard Hoem, Olav H. Hauge og Donald Duck er andre namn på den varierte haustmenyen i Aasen-tunet.
Jon Fosse-arkivet er klar til bruk. Fredag 10. september får Jon Fosse Den internasjonale Ibsenprisen. Same dagen er forfattarens eige klipparkiv saman med mykje korrespondanse, foto og anna materiale sortert på enkelt vis og tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet.