Sande, Jakob |
(1906—67). Fødd i Dale i Fjaler kommune, Sogn og Fjordane. Diktar og lektor. Etter mellomskule og gymnas flytta Sande til Oslo, og debuterte i studietida i 1929 med diktsamlinga Svarte næter, seinare kom Storm frå vest (1931), Frå Sunnfjord til Rio (1933), Guten og grenda (1945), Det kveldar på Kobbeskjer (1961) og andre. I 1931 tok han hovudfag i norsk, og i 1932 reiste han eit år til sjøs.
Oppveksten og naturen i Sunnfjord og sjømannslivet gav motiv til det han skreiv. Spennvidda i diktinga hans gjekk frå det gripande og humoristiske til det groteske, noko som gjorde at han raskt blei ein av landets mest folkekjære diktarar. Mellom dei mest kjende dikta hans er julesalmen "Det lyser i stille grender", "Fløytelåt", "Likfunn", "Etter ein rangel" og "Da Daniel drog".
Mange av dikta er skrivne med ein fast rim og rytme, noko som gjorde dei lette å tonesetje. Komponisten Geirr Tveitt skreiv melodiar til minst 25 av dikta, og også Ivar Medaas, Kurt Foss og Reidar Bøe var med og gjorde dikta populære som songar.
Frå 1935 tok han til å arbeide som lektor, først i Fredrikstad, seinare i Oslo, men han treivst aldri i lærargjerninga, og i 1963 slutta han i skulen og satsa heilt på diktinga. Jakob Sande gav i alt ut ni diktsamlingar og tre novellesamlingar.
Litteratur:
Beyer, Edvard (red.): Norges litteraturhistorie. Bd 5. Oslo 1996
Helleve, Eirik: "Jakob Sande", i Norsk biografisk leksikon. Oslo 2004
Bilete: ukjent år, ©Gyldendal
Jakob Sande 100 år
1. desember 2006 var det hundre år sidan Jakob Sande blei fødd. Les meir om Jakob Sande på nettsidene til Jakob Sande-selskapet.
|
|  |
| 
 | | Gjeng | | kjem frå engelsk gang og kan ...
| | |
|
 | | 9. februar 1856 | | Ilt Mod. Syvende Ark af Ordspr. |  |
|
|