Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Årets nynorskbrukar 2008 – Tale ved Magnhild Meltveit Kleppablank
Pristale på opningshøgtida for Dei Nynorske Festspela 2008
Ei av dei vakraste skildringane av livet i Ryfylke må vera romanen Dalen Portland av Kjartan Fløgstad, som sjølv vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2005. Der fortel Rasmus Høysand om bondens strev med å hevda markene. Det møkkaarbeidet likte ikkje Høysand, men som det står skrive, ”eg fekk nå vita koss folk gjorde når dei hevda. Seinare i livet lærte eg at det går an å hevda andre ting enn bøar, t.d. på skular og universitet eller i avisene i hovudstaden”.
Me nynorskbrukarar må ofte hevda noko anna enn det som er opplese og vedteke.
 
Morgondagen er summen av det kvar og ein av oss gjer i dag. Difor kan det som er uvanleg i dag, verta alminneleg i morgon. Me er mange som meiner at nynorsk skal vera ein alminneleg del av livet i både kvardag og helg, på fritida like gjerne som på skule eller arbeid. 
 
Dette er også visjonen for Nynorsk kultursentrum: ”Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst.” Styret i Nynorsk kultursentrum trur på dei gode føredøma og dei positive verkemidla. For å heidra faktisk utført arbeid og å stimulera til meir av same slaget har styret oppretta prisen Årets nynorskbrukar, og det er styret som er jury.
 
Prisen ”blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk”. Årets nynorskbrukar får 50 000 kroner, eit eksklusivt grafisk trykk av Arne Nøst og ein diplom signert av styreleiar Oddvar Haugland.
 
I år blir denne heideren delt ut for niande gong. På heiderslista står både næringslivsfolk, idrettsutøvarar, høgsterettsdomarar, forfattarar, avisredaktørar, lærarar, musikarar og kulturarbeidarar. Den breidda trur eg er grunnen til at denne prisen på få år har vorte ein av dei viktigaste norske kulturprisane. Prisen viser at nynorsk er meir enn eit språk og at kultur gjeld oss alle.
 
Der skal vera ein samanheng mellom det arbeidet prisvinnaren gjer og visjonen for Nynorsk kultursentrum om å gjera nynorsk alminneleg. Knapt noko er meir alminneleg enn aviser.
Få aviser blir lesne grundigare enn lokalavisene. Lokalavisene når breitt ut, til både dei som les mykje og dei som les lite. Dette er gjerne dei fyrste avisene ungane les. Dermed er lokalavisene det fyrste møtet ungar har med den vaksne skriftkulturen. Ikkje berre er desse avisene ein viktig del av språkopplæringa. Dei har òg mykje å seia for skriftspråket vårt. Ikkje minst er dei med og gir språkleg sjølvtillit. Unge nynorskbrukarar som veks opp utan å møta sitt eige skriftspråk utanfor skulen, vil lett velja den målforma som då er mest alminneleg for dei.
 
Nesten kvar tredje norske avis er redigert heilt eller delvis på nynorsk. Den eldste nynorskavisa som framleis kjem ut, er Hordaland på Voss. I år er det hundre år sidan den avisa gjekk over til nynorsk som redaksjonsspråk. Særleg i 1970- og 80-åra kom det mange nye lokalaviser som blir redigerte på nynorsk. Då som elles var målsaka for mange ein av grunnane til at dei ville laga avis. Ja, så mange nye aviser kom at medieforskarane kallar lokalavisa ein nynorsk spesialitet. No bruker jamt fleire riksaviser meir nynorsk, og i morgon kjem vekebladredaktørar til å avsløra i ein debatt her på Festspela at jo, det går an å sminka seg på nynorsk òg. Det har me andre visst lenge. Eg trur lokalavisene er ein viktig grunn til at det er blitt slik. Kvar veke minner dei oss om at nynorsk er ganske så kvardagsleg.
 
Då Britt Sofie Hestvik i mars tok over som redaktør i Kommunal Rapport, sa ho at no skal det bli meir nynorsk i spaltene. Det skulle vel berre mangla når kvar fjerde kommune i landet har nynorsk tenestemål. Ved nyttår tok ålesundaren Hans-Christian Vadseth over som sjefsredaktør i Fædrelandsvennen. Han ser det ikkje som noka oppgåve for ei avis ”å halde språkmangfaldet ved like”, sa han nyleg til LNK-avisa. Der det passar naturleg til innhaldet, kan likevel journalistane hans skriva nynorsk.
 
Som alle andre språk kan også nynorsk nyttast til alt. Det viser alle dei som kvar dag, kvar veke gjer nynorsk meir alminneleg. Det er slik tradisjonar blir til. Også på Sørlandet finst det sterke nynorsktradisjonar. Sjå berre på Bygland, som innførte nynorsk i skulen alt i 1890, to år før det var lovleg. I dag kjem den sterke lokalavisa Setesdølen ut i Bygland, og det har ho gjort sidan 1974.
 
Rundt forbi har det dei siste åra kome mange nye lokalaviser som er redigerte på bokmål. Den 1. mars 2008 fekk me endeleg ei ny nynorsk lokalavis. Det skjedde nettopp på Sørlandet, 34 år etter at det sist kom i gang ei nynorskavis i landsdelen. Etter få veker hadde denne nye avisa fleire tingarar enn det er husstandar i kommunen. Slikt legg ein nasjonal kulturinstitusjon merke til, så styret i Nynorsk kultursentrum har gjort dette vedtaket:
 
Prisen Årets nynorskbrukar 2008 går til ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin for viljen til å kome lesarane i møte med god lokaljournalistikk på nynorsk og til å fremje kulturelt mangfald i ein landsdel med sterkare nynorsktradisjonar enn det dei store avisene i regionen viser. 
 
Det er ei stor glede for meg å be redaktør Inger Stavelin koma fram og ta imot synlege bevis på at ÅmliAvisa er Årets nynorskbrukar 2008!
 
(25.06.08)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Hausten tek til med Nordstoga
Aasmund Nordstoga er først ute på haustprogrammet til Ivar Aasen-tunet. Onsdag 15. september kjem han til tunet med sine populære versjonar av songar frå den norske viseskatten. Ragnhild Hemsing, Edvard Hoem, Olav H. Hauge og Donald Duck er andre namn på den varierte haustmenyen i Aasen-tunet.

Jon Fosse-arkivet er klar til bruk
Jon Fosse-arkivet er klar til bruk. Fredag 10. september får Jon Fosse Den internasjonale Ibsenprisen. Same dagen er forfattarens eige klipparkiv saman med mykje korrespondanse, foto og anna materiale sortert på enkelt vis og tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Sakalav
I det nordnorske talemålet er ein sakalav...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-