Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Tre sider av Jakob Sandeblank
Under Festspela kan du oppleve Jakob Sande for born, i kyrkja og til sjøs i tre ulike arrangement.

I år er det 100 år sidan den folkekjære diktaren Jakob Sande blei fødd. Dei Nynorske Festspela markerer dette med tre forskjellige program der ein ser på fleire sider av Jakob Sande si dikting. Med ulike aktørar presenterer Festspela Sande for born, Sande i kyrkja og Sande til sjøs.
 
Barneframsyninga torsdag 22. juni tar utgangspunkt i Jakob Sande sitt dikt ”Fabel” om Gåsa, katten og hanen. Ingunn Elida Wiken har nyleg gitt ut ei bok med nye fargerike og fantasifulle teikningar til dette Sande-diktet. I ord, tonar og bilete blir vi med Gåsa, katten og hanen på ei reise til kongen i København medan vi sit trygt i amfisalen i Aasen-tunet. I samband med dette arrangementet blir det også tre- og tekstilverkstad, der borna mellom anna får lage sin eigen hane i tre.
 
Sande i kyrkja
Jakob Sande laga tekstar om både høgt og lågt. Om kvelden torsdag 22. juni møter vi den meir høgstemte Sande i kyrkja. Det er mange som har tonesett dikta hans, mellom anna kantor i Ørsta kyrkje, Roar Goksøyr Lillebø. Saman med Ørsta kyrkjekor og opplesaren Svein Havåg vil han gi publikum ei minnerik stund der vi får oppleve noko av det spennet som finst i Jakobs Sande si dikting. Tre dikt blir presenterte i heilt ny tonedrakt denne kvelden.
 
Avslører løyndomar om Jakob Sande midtfjords
Jonsokaftan kan du reise med Jakob Sande på ferje frå Ørsta til Volda. Normalt går det ikkje ferje inn Ørstafjorden, men Festspela gjentar suksessen frå i fjor og fraktar både publikum, musikarar og andre aktørar fjordvegen mellom bygdebyane. På M/F Geiranger får du mellom anna oppleve Sande-biograf Ove Eide som presenterer nye og avslørande opplysningar om Jakob Sande. Eide kjem med sin biografi om Sande til hausten, men han har lova å sleppe ein del godbitar til festspelpublikummet på denne eksklusive ferjeturen.
 
Gruppa Aftenlandet debuterte på CD med tekstar av Jakob Sande for ti år sidan. Etter det har det blitt fleire CD-ar og mykje radiospeling. Ferjeturen blir deira første møte med Sunnmøre som konsertarena, og det med fjord og fjell som bakteppe. Aftenlandet kjem til å spele både frå Sande-repertoaret sitt og andre songar som dei har blitt kjende for.
 
Volda Vokal hadde stor suksess med sin Sande-konsert tidlegare i vår, og dei vil presentere smakebitar frå dette programmet på ferjeturen frå Ørsta til Volda.
 
(14.06.06)
 
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Jon Eikemo med Per Sivle-framsyning på Ørsta kulturhus
Onsdag 10. februar kjem Jon Eikemo til Ørsta kulturhus med framsyninga "Ikkje lenger enn min kjærleik rekk".

Dei språklege skilnadene i Noreg aukar
– Dei språklege skilnadene aukar i Noreg, og det er bra, sa direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet då han onsdag lanserte ”Språkfakta 2010”.

Nye forteljingar om Ivar Aasen
Det blir framleis skrive nye forteljingar om Ivar Aasen. Tysdag 26. januar opna ei ny nettutstilling med utgangspunkt i bilete av 20 gjenstandar som Ivar Aasen i si tid eigde.

RSS   RSS

Dagens ord
Gjeng
kjem frå engelsk gang og kan ...  
 
Nettbutikk
Pipe-t-skjortePipe-t-skjorte
T-skjorte med bilete av Ivar Aasen si pipe
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar

KvaSkjer
10. Februar
Jon Eikemo: Per Sivle – Ikkje lenger enn min kjærleik rekk
blank
21. Februar
Språk vest i havet
blank
14. Mars
Familiedag med teikneseriar
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-