Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Kortare festspel gav 10 % fleire gjesterblank
Valkyrien Allstars

Dei nynorske festspela hadde 10 % fleire gjester enn i fjor sjølv om festivalen i år var korta ned frå fem til fire dagar og programmet inneheldt 14 færre arrangement enn i 2009. Over 6200 gjester slutta opp om 51 arrangement under festivalen som blei avslutta i Ivar Aasen-tunet søndag ettermiddag. Billettinntektene blir om lag 25 % høgare enn i fjor. Rønnaug Kleiva var festspeldiktaren i 2010.

– Dei nynorske festspela erfarte det same i år som andre festivalar har gjort før. Det løner seg å fortette til færre dagar og ha eit passe høgt arrangementstal, seier programansvarleg Åshild Widerøe.
 
Dei nynorske festspela blei opna torsdag kveld av kulturminister Anniken Huitfeldt. Ho framheva at dette er ein viktig festival og ein av dei få som lykkast med å krysse dei mange sjangergrensene mellom litteratur, språk, musikk og biletkunst.
             
Mange unike arrangement
På ei rekkje av arrangementa framførte forfattarar, musikarar og fagfolk originalstoff som ingen før hadde høyrt. Festspela kunne by på artistar som song på norsk for første gong, plateslepp, originalforedrag som berre blir framførte denne eine gongen, nyskrivne tekstar og bøker som enno ikkje er publiserte.
 
Programmet gjekk frå morgongymnastikk med festspeldiktaren til opning av naust, og frå kunstutstilling med bruksgrafikk der Ivar Aasen er motivet til debatt om nynorsk som underhaldningsspråk. Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas utfordra i eit foredrag journalistutdanningane rundt om i landet til å rekruttere fleire nynorskbrukande journalistar.
                       
Fortetta festival
I tillegg til færre arrangement og arrangementsdagar blei Dei nynorske festspela avvikla på færre stader enn før. Mest brukt var utescena og salen i Ivar Aasen-tunet. – Det gjorde det lettare å vere festivalgjest og skape ei roleg, intens festivalstemning, seier Widerøe. Spennet i programmet blei tydelegare fordi så mange ulike arrangement var på dei same scenene, og den unike utescena i Aasen-tunet var i bruk til store konsertar kvar kveld.
 
Dei to første dagane regna det mykje, men det fekk lite å seie. Både torsdags- og fredagskvelden var 250 med på regnfylte utekonsertar i Aasen-tunet. Etter familiekonsert i silregn med den unge artisten Malin stod fans i signeringskø i ein halvtime. 
           
Sommarutstilling om bruksgrafikk
Festspeldagane såg fleire hundre festspelutstillinga med bruksgrafikk frå samlinga til Jostein O. Mo. Denne utstillinga blir ståande til 3. september. Ei ny temautstilling om noveller blir vist like lenge. Det er første gongen nokon i Noreg har laga ei utstilling om det emnet.
 
Kvart år har utøvarane vore begeistra for publikummet under Dei nynorske festspela. – Det rører utøvarane å møte eit så lydhøyrt og innsiktsfullt publikum, og endringane i år berre forsterka denne kjensla, meiner Åshild Widerøe. Ho gler seg også over at fleire frivillige blir med frå år til år og at mange unge kjem og vil vere med.
 
Ein festival der alle skal kunne vere seg sjølv
Det er Nynorsk kultursentrum som arrangerer Dei nynorske festspela. – God økonomisk styring, jamt høg kunstnarleg kvalitet og eit program der alle kan finne noko som interesserer dei, er dei tre krava som gjeld for Dei nynorske festspela, seier direktør Ottar Grepstad.   
 
I år var måla å auke eigeninntektene og sikre det økonomiske grunnlaget for Dei nynorske festspela, og samstundes utvikle vidare det kunstnarlege og faglege innhaldet. Grepstad meiner desse måla er nådde. Billettsalet auka med 25 % frå 2009, omsetninga i kafeen og butikken i Ivar Aasen-tunet var svært god, og Grepstad kjenner seg trygg på at kostnadene har vore under kontroll. Førebels rekneskap er klar i september.
 
DEI NYNORSKE FESTSPELA
  • Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 19. gong
  • Årleg feiring av den nynorske skriftkulturen
  • Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst
  • 80 medarbeidarar avvikla 51 arrangement og tok seg av meir enn 200 forfattarar, musikarar, dansarar og andre utøvarar
  • Årsbudsjett på 1,7 millionar kroner
 
(28.06.2010)
 
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik
Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.

– Avisene viktigare enn bøkene
– Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Våde
tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke'...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-