Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Cecilie Jørstad les ønskediktblank
Cecilie Jørstad
Cecilie Jørstad
Laurdag 26. juni kan du oppleve Cecilie Jørstad framføre festspeldiktarens ønskedikt i Ivar Aasen-tunet.

Cecilie Jørstad er ein skodespelar med mange stemmer. Ho gestalter enerverande Hollywood-karakterar på Disney Channel, men like naturleg framfører ho dikt varmt og inderleg, som helsebot for øyre og sinn. Sist ho var på Dei nynorske festspela las ho dikt av Lars Amund Vaage saman med Tord Gustavsen. Laurdag 26. juni kjem ho tilbake til Ivar Aasen-tunet for å framføre ønskedikta til årets festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
 
Kleiva har til dette programmet gjort eit utval av dei dikta ho set mest pris på. Lyrikken til Eldrid Lunden er sjølvsagt i dette utvalet. Lunden debuterte i 1968 med diktsamlinga f.eks. juli, og er ein nyskapande poet i moderne norsk lyrikk. Ho skriv nedtona og presise dikt, blir det framheva på nettleksikonet Allkunne.
           
Av utanlandske lyrikarar festspeldiktaren vil dele med oss, finn vi Robert Bly og Raymond Carver, gjendikta av høvesvis Olav H. Hauge og Tor Obrestad. Vidare får vi møte dikt av svenske Thomas Tranströmer; han som skriv så godt at Rønnaug Kleiva bestemte seg for å slutte å skrive dikt; hennar dikt kunne aldri måle seg med hans. Festspeldiktaren treng ikkje få rett i den påstanden, men det blir spennande å få høyre dikt som ho set så høgt.
 
 
Laurdag 26. juni kl. 20.00–20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Ønskedikt
Kr 100

Kjøp billettar

 
(18.06.10)
 
 
Programmet for Dei nynorske festspela
 
TorsdagFredagLaurdagSøndag
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik
Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.

– Avisene viktigare enn bøkene
– Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Våde
tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke'...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-