Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Formidlaren Bruaset og språkeksperten Theilblank
Det finst tusenvis av språk, og Rolf Theil veit mykje om dei.
Det finst tusenvis av språk, og Rolf Theil veit mykje om dei.
Det handlar om dei store språka og enkeltmenneska når Rolf Theil og Oddgeir Bruaset kjem til Dei nynorske festpela.

Søndag 27. juni møter vi formidlaren Bruaset og språkeksperten Theil i to påfølgande arrangement i salen i Aasen-tunet.
 
Offisielt bur det om lag 11 millionar menneske i den brasilianske verdsbyen Säo Paolo. Korleis har det seg at ein million av dei snakkar japansk? Og kor kinesiske er dei mange bydelane i USA som blir kalla Chinatown? Slike spørsmål risikerer publikum å få svar på like etter kyrkjekaffien søndag. For fjerde gong er språkvitaren Rolf Theil på Dei nynorske festspela med si entusiastiske og svært innsiktsfulle formidling av store linjer og små kuriosa om all verdas språk. Dette er ikkje ein time om dei gamle kolonispråka. Det blir heller ein time om koloniar av språk verda rundt. – Eg har alt byrja å gle meg, sa Theil i april.
 
Journalisten som lyttar
Som journalist har Oddgeir Bruaset nådd uvanleg langt ut til fjernsynssjåarar i Noreg. Vi har alle sett det: Dei glidande bileta av norsk natur, akkompagnert av naturmytisk musikk, og den rolege røysta til Bruaset som fortel om menneske som har teke eit anna val enn dei fleste av oss. Det heile går føre seg i eit tempo som står i kontrast til mykje anna programinnhald i dag. Kunne ein ha vore meir i utakt med tida? Søndag får du svar på kva løyndomen bak formidlingssuksessen til Oddgeir Bruaset er, når han samtalar med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Ivar Aasen-tunet. 
 
 
Søndag 27. juni 13.00–13.45 Salen, Aasen-tunet
All verdas språk
Kr 100

Kjøp billettar

 
 
Søndag, 14.00-14.45, Salen, Ivar Aasen-tunet
Journalisten Oddgeir Bruaset
i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Kr 100

Kjøp billettar

 
(17.06.10)
 
 
Programmet for Dei nynorske festspela
 
TorsdagFredagLaurdagSøndag
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik
Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.

– Avisene viktigare enn bøkene
– Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Våde
tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke'...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-