Sjelfull og sterk vokal akkompagnert av feleriff og kollektiv improvisasjon har blitt deira varemerke. Laurdag 26. juni spreier dei gode vibrasjonar frå utescena i Ivar Aasen-tunet.
Med Tuva Syvertsen som frontfigur trollbind dei tre forføreriske felespelarane publikum med ei leikande og virtuos blanding av norsk og unorsk. Dei vågar å kople det kjenslevare med det fyrige, det enkle med det ekstravagante. Inspirert av både blues, jazz, reggae og rock flyttar dei grenser ved å eksperimentere med tradisjonane og la urbane villskot få blomstre på urnorsk rot.
Tradisjon med noko ekstra
Tuva Syvertsen si fyldige, nærast bluesaktige stemme tvinnar seg rundt melodiar som gjerne har rot i det norske tradisjonsmiljøet. Samstundes eksperimenterer og blandar dei stilar og sjangrar, og har på den måten utvikla sitt eige lydbilete. Dette gjer Valkyrien Allstars både nyskapande og internasjonal. Tuva Syvertsen, Erik Sollid og Ola Hilmen elskar å leike seg frem til nye variantar, men alltid med respekt for det opphavlege. På denne måten gir dei stadig nye lyttarar ei oppleving av at folkemusikken kan bergta. På Festspela har dei i tillegg med seg Sondre Meisfjord på bass og Martin Langlie på trommer.
Songen gir det musikalske biletet ein ekstra dimensjon ved å kombinere stev- og kvedartradisjonen med eit urbant og rocka uttrykk. Tekstane er til dels henta frå kjende forfattarar, som Olav H. Hauge, Arne Garborg og Halldis Moren Vesaas, men også her blandar dei mål og form for å skape sitt eige uttrykk.
Valkyrien Allstars gir oss ein midtsommarlaurdag vi seint vil gløyme.
LAURDAG 26. JUNI 21.00 Utescena, Ivar Aasen-tunet
Valkyrien Allstars
Kr 300 / barn 250 / familie 750 |

|
(17.06.10)
Programmet for Dei nynorske festspela