Som nytilsett kringkastingssjef gav Hans-Tore Bjerkaas ei språkleg programerklæring under Dei nynorske festspela i 2007. Han gjorde det klart at han ville setje ned foten og syte for at den viktigaste nynorskbrukaren i landet oppfylte krava Stortinget har sett om bruk av nynorsk. Kom tilbake om nokre år, så ser vi kva som har skjedd, sa arrangørane. Avtale, sa Bjerkaas.
No skal første rekneskapen gjerast opp. Det blir mest om nynorsk, men med dei perspektiva han finn det rimeleg å ta med.
Etterpå får publikum i Aasen-tunet høve til å seie si meining om nynorsk og dialekt i NRK, og ta opp slikt dei grundar på. Ikkje i form av sms-meldingar som rullar anonymt over skjermen, men med spørsmål frå salen som Bjerkaas svarar på. Sjølv undrar mannen frå Tromsø seg over at nynorsk ikkje blei skriftspråket for folk i Troms, så nær talemåla deira er nynorsk.
Fredag 25. juni 15.30–16.15 Salen, Aasen-tunet
Nynorsk i NRK: min språkrekneskap
Gratis
Programmet for Dei nynorske festspela