Unn deg ein rykande varm kopp kaffi til lyden av fersk litteratur, lesen av forfattarane sjølve. Fredag 25. og laurdag 26. juni les fem forfattarar frå bøkene sine på kafear i Ørsta og Volda.
På det tradisjonsrike Mylneriet i sentrum av Volda, vil forfattaren Sigrid Merethe Hanssen fredag lese frå dei to novellesamlingane ho har gitt ut dei siste åra: Sprang (2007) og Ingen heime (2009). I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer tekstane overgangsfasane i livet - frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, og frå liv til død. Om den siste novellesamlinga skriv Maya Troberg Djuve i Dagbladet: "På vart og intenst vis – med en antydningskunst som minner om Johan Borgen – lar Hanssen oss ane konturene av noe forferdelig. Den er en fortellerteknisk svært velgjort, fortettet og vakker novellesamling."
Spora etter Vinje
På same tidspunktet i Ørsta sentrum, i den intime sfæren på kaffibaren Fugl Føniks, les Jon Severud frå boka Ei gjenreise - Ferdaminne etter A. O. Vinje. Til 150-årsjubileet for den legendariske reisa journalisten og forfattaren Vinje gjorde til Trondheim i 1860, har Severud gått opp spora med relevante omvegar etter denne landsmålspioneren. I Vinje-inspirert essayistisk stil rissar Severud opp dei historiske og sosiale rammene som rådde i Noreg då ”Dølen” skreiv sine forvitnelege ferdaminne.
Laurdag får publikum høve til å høyre tre forfattarar. Den prislønte forfattaren Marit Kaldhol frå Sunnmøre tek med seg den varierte forfattarskapen sin til Volda og Mylneriet. Kaldhol har skrive litteratur for vaksne, born og ungdom, innanfor ei rekkje sjangrar. Kva ho vel å lese, får du vite om du svippar innom ein halvtime.
Basso og helium
I det fasjonable og restaurerte Svendsen-huset i Ørsta si gågate er det òg kafé. Hit kjem Aina Basso og Bjarte Daviknes Klakegg. Basso er utdanna historikar, og debuterte i 2008 med romanen Ingen må vite. Laurdag føremiddag får vi smake på ny litteratur frå Basso, nemleg ein roman som kjem hausten 2010.
Heliumhjarte er tittelen på novellesamlinga til Bjarte Daviknes Klakegg. Historiene spenner frå det realistiske til det fabulerande, og har hausta mykje god kritikk. Då boka kom ut i 2009, skreiv litteraturmeldaren til Dag og Tid: "Den stilsikre tekstsamlinga Heliumhjarte er éin av årets beste skjønnlitterære debutar."
|
Fredag 25. juni 11.30–12.00 Mylneriet, Volda
Kaffi, bokstaveleg talt
Sigrid Merethe Hanssen
Kr 50 |

|
|
|
|
Fredag 25. juni 11.30–12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta
Kaffi, bokstaveleg talt
Jon Severud les frå boka Ei gjenreise. Ferdaminne etter A. O. Vinje
Kr 50 |

|
|
|
|
Laurdag 26. juni 11.30–12.00 Mylneriet, Volda
Kaffi, bokstaveleg talt
Marit Kaldhol
Kr 50 |

|
|
|
|
Laurdag 26. juni 11.30–12.00 Kafé Fru Svendsen, Ørsta
Kaffi, bokstaveleg talt
Aina Basso les frå roman som kjem ut hausten 2010
Bjarte Daviknes Klakegg les frå Heliumhjarte
Kr 50 |

|
(11.06.10)