Han slengde ut jokeren alt med si første plateutgiving for 25 år sidan. Sidan har det berre gått oppover. Sterke tekstar, iøyrefallande melodiar og ein fantastisk stemme har gjort Sigvart Dagsland til ein av dei sjølvskrivne og store pop-artistane i Noreg.
Då han var med i den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1987 blei han introdusert med orda: ”Han må synge på dialekt om teksten skal ha meining for han, seier han.” Forankringa i dialekten er framleis viktig, men når han ser tilbake synest han kanskje den utsegna var litt vel eplekjekk. – Eg er jo oppteken av tekstinnhald, og meiner at tekst og melodi er fullstendig likestilte i songane mine. No syng eg helst på dialekt eller engelsk, men eg kan også synge songar på normert skriftspråk med skarre-r og føle at det fungerer, seier Sigvart Dagsland.
Sterke tekstar er eit av varemerka på Dagsland sine CD-ar. Frå byrjinga av karrieren fekk han tekstar frå Erik Hillestad og Gunnar Roalkvam, men dei siste åra har det blitt meir Dagsland i tekstane også, i samarbeid med tekstforfattaren Mike McGurk. – Mine eigne meiningar kjem klarare fram på dei siste utgivingane, og det har nok vore ei dreiing frå det miljøbevisste til det meir allmennmenneskelege desse åra. Det kyrkjekritiske, eller skal vi seie kyrkjemedvitne, har nok vore der heile tida, seier han.
På konserten under Festspela får vi høyre songar frå heile karrieren, frå ein folkekjær artist som har vore aktiv i tre tiår. Dagsland har med seg sitt faste laivband med Torjus Vierli på piano og song, Ingelin Reigstad Norheim på song og gitar, og Hildegunn Garnes Reigstad på song og perkusjon.
Førsnakk
Det er ikkje ein biografi, og det er heller kanskje ikkje ei rein portrettbok. – Det er meir ei blanding av ein roman og ei portrettbok, seier Sigvart Dagsland om Olaug Nilssen si bok Nesten frelst av Sigvart Dagsland. Fredag kveld møtast forfattaren og portrettet til ein førsnakk i salen i Aasen-tunet.
Dagsland og Nilssen har arbeidd nært saman om denne boka som kom ut i fjor haust. Resultatet er blitt både intelligent og underhaldande. Nilssen er sjølv aktivt med i forteljinga, og leitar både hos tilhengarar og familie for å finne ut meir om ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg. Kanskje får vi også høyre meir om Nilssens tvilsame tolkingar av Dagsland sine djupe tekstar denne fredagskvelden.
FREDAG 25. JUNI 20.00–20.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Førsnakk
Kr 100
FREDAG 25. JUNI 21.30 Utescena, Ivar Aasen-tunet
Sigvart Dagsland
Kr 300 / student og honnør 200
(02.06.10)