Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Nynorsk journalistpris til Astrid Brekkenblank
Astrid Brekken
Astrid Brekken
NRK-journalist Astrid Brekken (67 år) får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela 25. juni.

Astrid Brekken er i dag mest kjend frå P2-programma ”Sånn er livet” og ”På livet laus”. Det finst mest ikkje eit emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av sidan ho byrja i NRK i 1971.
 
Ho var også med og drog i gang vekebladet Sirene i 1973, var redaktør i Syn og Segn 1980-83 og har vore aktiv i alt frå Norsk Språkråd og Norsk Kvinnesaksforeining til Forum for Systemdebatt. Sidan 1976 har ho også drive heimegarden i Lesja.
 
Klypp frå juryen si grunngjeving for prisen:
- Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunnsdebatt på mange arenaer, og heile tida har ho hatt eit svært medvite forhold til nynorsk.
- Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd og by, lokalt og internasjonalt.
- Astrid Brekken er eit naturleg førebilete for yngre kollegaer, og nyt stor respekt i NRK, utan å framheve eigen kunnskap og dugleik. Ho har heile tida nytta ein nynorsk med Brekken-signatur; sobert, og med eit svært medvite forhold til tillatne former som høver til dialekten hennar frå Lesja.
 
I juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar sit NRK-journalist Gry Molvær, leiar, sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.
 
Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.
 
Tidlegare prisvinnarar er Linda Eide, NRK, Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen, Odd Reidar Solem, TV 2 og Ronny Brede Aase, NRK P3.
 
 
FREDAG 25. JUNI 11.00–11.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Lettbeint, laus og ledig – nynorsk som underhaldningsspråk
Med Halvor Folgerø, Agnes Ravatn og Finn Tokvam.
Utdeling av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar til Astrid Brekken
Arrangør: NRK Nynorsk mediesenter
Gratis
 
(26.05.10)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik
Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.

– Avisene viktigare enn bøkene
– Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Våde
tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke'...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-