Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Sommarklar Malin på Dei nynorske festspelablank
Malin Reitan
Malin Reitan
Det er sommar og skulefri når Malin Reitan kjem til Volda bygdetun for å halde familieshow under Dei nynorske festspela fredag 25. juni.

Etter at Malin vann den norske finalen i MGP Junior i 2005, har ho etablert seg som artist med fire solide CD-utgivingar og meir enn 100 000 selde CD-ar. I fjor blei ho den yngste vinnaren av Spellemannprisen nokosinne, som fjortenåring.
 
Med den siste CD-en har Malin droppa museflettene og slått ut håret. Ho viser til fulle at ho er meir enn ei sjarmerande barnestjerne. Tekstane er blitt meir modne, musikken litt røffare i kantane, men like fengande. Det er ein heilstøypt artist som formidlar kjensler, mot og livsglede gjennom musikken, alt like sjølvsagt framført på trønderdialekt. – Det kanskje viktigaste for meg er at lyttarane kan kjenne seg igjen i det eg syng om, seier ho sjølv beskjedent.
 
Når Malin er ferdig på scenen legg festspelarrangøren til rette for fleire aktivitetar for borna på Volda bygdetun. Det blir også høve til å få kjøpt sommarleg mat og drikke i det flotte miljøet på bygdetunet. Familieshowet med Malin er eitt av fleire arrangement for born under Dei nynorske festspela.
 
 
FREDAG 25. JUNI 17.00–19.00 Volda bygdetun, Volda
Familieshow med Malin
Kr 100 barn og vaksen / familie 300
 
Kjøp billett
 
(18.05.10)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik
Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.

– Avisene viktigare enn bøkene
– Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Våde
tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke'...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-