Skulen arrangerer nemleg såkalla Gründercamp for dei, og til saman 13 elevar arbeider i tre grupper i Ivar Aasen-tunet. Kvar gruppe har fått ei utfordring. Ei gruppe skal utarbeide eit opplegg for kjeldesortering, medan ei anna skal lage eit nytt produkt til Språkåret 2013.
Den tredje gruppa skal lage ein film eller ein presentasjon for å marknadsføre Ivar Aasen-tunet som kulturarena for ungdom. I kafeen i Aasen-tunet finn vi Sivert Aarflot Eikrem, Erlend Årøen, Anita Standal Digernes og Marthe Sæbønes arbeidande med prosjektet sitt.
– Vi har tenkt å lage ei lysbileteframvising med bilete, tekst, film og spørsmål, seier Sivert.
– Kva er utfordringa når ein held på med dette?
– Det er å gjette kva folk kjem til å like. Det er kanskje litt vanskeleg å seie noko om Ivar Aasen-tunet til ungdom, for det er kanskje litt vakse det som er her. Det er litt stivt og stramt.
Trass i utfordringa, ungdomane synest det er kjekt å kunne hjelpe ei bedrift med ei slik oppgåve.
– De kan kanskje tenkje dykk å arbeide med noko slikt i framtida?
– Det hadde vore ganske artig, for det er litt spennande, seier dei.
Ingen av dei har bestemt seg heilt for kva yrke dei skal falle innpå, men kan fortelje at ein overveldande stor del av klassa er interesserte i musikk.
– Eg satsar på å verte musikar, seier Sivert.
GRÜNDERAR I TUNET: Frå venstre: Anita Standal Digernes, Sivert Aarflot Eikrem, Erlend Årøen og Marthe Sæbønes.
(13.4.2010)