Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
– Dei nynorske festspela med breitt musikkprogram og mykje om språkblank
Rønnaug Kleiva, Sigvart Dagsland, Jorunn Torsheim, Hans-Tore Bjerkaas, Valkyrien Allstars, Anderz Eide, Benedicte Maurseth, Oddgeir Bruaset, Monika Nordli og Steinar Albrigtsen er nokre av utøvarane du møter på Dei nynorske festspela 2010.

Konsertar med Sigvart Dagsland, Steinar Albrigtsen og Valkyrien Allstars, sju arrangement om språk, åtte arrangement for born og dusinet fullt med forfattarar. Dette er litt av programmet for Dei nynorske festspela i juni, som frå i år blir fortetta til fire dagar.

– Publikum får fleire opplevingar på kortare tid, og fleire artistar og forfattarar presenterer nye plater eller bøker, seier programansvarleg Åshild Widerøe.
 
Dei nynorske festspela har i år reise som tema, og blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 24. juni til søndag 27. juni. Programmet inneheld meir enn 40 arrangement.
 
– Vi fortettar Festspela til fire dagar for å lage ein endå betre festival og for at publikum skal få høve til å få med seg meir når dei først er komne, seier Widerøe.
 
 
Mange forfattarar, mykje om språk         
Med festspeldiktaren Rønnaug Kleiva i spissen er kvinnene i fleirtal blant dei mange forfattarane som kjem til Dei nynorske festspela. Både Aina Basso, Sigrid Merethe Hanssen, Marit Kaldhol, Hilde Kvalvaag, Olaug Nilssen (festspeldiktar 2006), Maria Parr, Kari Stai er alt på plass i programmet. 
 
Nokre kjem med heilt nytt stoff. Aina Basso les frå den nye romanen sin, ein av dei som debuterer med bok til hausten, blir med alt under opningshøgtida, og Jan Olav Gatland presenterer biografien sin om ordbokforfattaren og psykologen Ola Raknes som kjem til hausten. – Det programmet heiter ”Mannen som visste for mykje”. Dei som er til stades, vil forstå kvifor, seier direktør Ottar Grepstad.
 
Eitt av sju program om språk handlar om språk i NRK. I 2007 kom Hans-Tore Bjerkaas som nytilsett kringkastingssjef til Dei nynorske festspela og la fram ei tydeleg programerklæring om språkpolitikk i NRK. I år kjem han tilbake og presenterer den første språkrekneskapen sin. Det blir debatt både om nynorsk som underhaldningsspråk og om normering av nynorsk.
 
Sterkt musikkprogram
Kvar kveld blir det store konsertar på den unike utescena i Aasen-tunet. Steinar Albrigtsen presenterer for første gong ei plate med norske tekstar, og det gjer han saman med Monika Nordli på opningskonserten ”Dobbelt norsk” torsdag. Også ho kjem med nytt stoff til denne konserten der alt er på dialekt og nynorsk.
 
For første gong held Sigvart Dagsland konsert på Dei nynorske festspela.  – Det er på tide han kjem, seier Åshild Widerøe. Ein time før Dagsland går på scena, stiller han til ”Førsnakk” med sin eigen biograf Olaug Nilssen.
 
Den tredje store konserten tek Valkyrien Allstars seg av med frontfiguren Tuva Livsdatter Syvertsen, nyleg sett i Det store korslaget på TV2. – Gruppa har fornya norsk folkrock og fengjer folk i alle aldrar, seier Åshild Widerøe.
 
Reiser i språk og litteratur
Reise er tema for Festspela i år. Språkvitaren Rolf Theil er på ny reiseleiar i all verdas språk. I år snakkar han om språk som dukkar opp på uventa stader, og språk som har følgt med innvandrarar og utvandrarar. Ottar Grepstad held fram den foredragsserien om Ivar Aasen han tok til på i fjor. Denne gongen tek han for seg Ivar Aasens reiser og har teke mål av seg til å rekne ut kor langt Ivar Aasen faktisk reiste.
 
Seinare i april gir Jon Severud ut ”Ei gjenreise. Ferdaminne etter A. O. Vinje”, 150 år etter at Vinje gjorde den reisa til Trondheim som blei ”Ferdaminne frå sumaren 1860”. Under Dei nynorske festspela presenterer Severud den nye boka si. Saman med festspeldiktaren og Hilde Kvalvaag samtalar han med kulturredaktør Jan H. Landro om kva diktekunsten skulle gjort utan reiser.
 
Søndag med store journalistar
Reise blir også tema for NRK-veteranen Erling Lægreid når han held stemnetalen under det avsluttande Aasen-stemnet søndag. Lenge var det vanleg at unge og eldre kom i lag til dette tradisjonsrike stemnet. Det vonar Åshild Widerøe mange vil gjere i år også. Stemnet og Dei nynorske festspela blir avslutta med framsyninga ”Susanna frå Sunnfjord” av Jorunn Torsheim som har premiere i Sunnfjord få veker tidlegare. Ho låner element frå stumfilmen og scenedekor av faren Oddvar Torsheim for å fortelje historia om Susanna.
 
Søndag får publikum også møte mannen bak tv-suksessar som ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Oddgeir Bruaset har skrive mange bøker og laga endå fleire populære tv-program. – Den viktigaste grunnen til suksessen hans er at han er ein sabla god journalist, seier Ottar Grepstad. – Det er på tide å finne ut kva det er han gjer.
 
Ti arrangement med festspeldiktaren
Festspeldiktaren Rønnaug Kleiva skal vere med på heile ti arrangement. Det gir publikum framifrå høve til å bli betre kjend med forfattarskapen hennar. Ho skal lese frå bøkene sine, både åleine og saman med perkusjonisten Terje Viken, er med i ein samtale om litteratur, presenterer favorittretten sin saman med kjøkkenleiar Milan Ilic, og let skodespelaren Anderz Eide lese dei dikta ho liker aller best.
 
Kleiva er ein eminent novellekunstnar som også dukkar opp i Ivar Aasen-minneforedraget i år. Få, om nokon, litteraturvitarar i Noreg kan meir om novelle- og kortprosakunsten enn Hans H. Skei. Han har kalla foredraget ”Mykje er meir: nye tankar om den korte forteljinga”.
 
Som før om åra presenterer Nynorsk kultursentrum ei ny temautstilling under Dei nynorske festspela. I år tek utstillinga føre seg novellekunst og kortprosa etter 1945. Ein av forfattarane som les noveller og kortprosa i møte med publikum på bokkafear og andre arrangement under Festspela, er Sigrid Merethe Hanssen.
 
Mykje nytt stoff
I mai framførar Gabriel Fliflet tingingsverket ”Åresong” under Festspillene i Bergen. Verket byggjer på tekstar av Jon Fosse. Få veker seinare tek Fliflet med seg åresongen og alle sine fine musikarar til Dei nynorske festspela. Ein av musikarane er felespelaren Benedicte Maurseth. Ho held også solokonsert med premiere på plata ”Alde”.
 
Målbaren på Møre folkehøgskule er blitt eit populært nattsete for alle som ikkje vil til sengs. Alt første kvelden opnar Dei nynorske festspela ein ny tradisjon. Under etiketten ”Smaken av historier” lagar dei små kulturkveldar om slikt som flyt. I år snakkar Espen Lothe om øl med smaksprøver frå det nyskipa Kinn bryggeri.
 
Kvelden etter held Gabriel Fliflet det gåande med gjester på scena, og laurdagsnatta dreg tradisjonsjoikaren Inga Juuso og jazzbassisten Steinar Raknes i duoen Skaidi i gang med sin svingande råskap. – Desse kveldane skal vere fristunder, men finn nokre av utøvarane på at dei skal gi publikum litt ekstra, er det fritt fram, seier Widerøe.
           
Åtte arrangement for born
Benedicte Maurseth er også med på eit av dei store barnearrangement under Dei nynorske festspela. Heile åtte arrangement passar svært godt for born, barnefamiliar og besteforeldre i lag med barneborna. – For oss er det like viktig å gi borna det beste som at dei vaksne skal få sine høgdepunkt, seier Åshild Widerøe. – Difor tilrettelegg vi arrangementa for ulike aldersgrupper.
 
Desse arrangementa blir dels avvikla i Aasen-tunet og på Volda bygdetun. I år blir det ny vandring frå Sivert Aarflot-museet til Aasen-tunet, borna får på ny møte den populære tunkatten Lurivar, og Kari Stai les og fortel frå den nye boka si.
 
Festspelutstilling om Ivar Aasen i bruk
I år står samlaren Jostein O. Mo for festspelutstillinga. Frå den store samlinga si med Aasen-effektar stiller han ut trykksaker i alle variantar der Ivar Aasen er motivet. Utstillinga ”Ivar Aasen i bruk” blir vist til utgangen av august.
 
Under Dei nynorske festspela blir det delt ut to viktige prisar. Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar 2010, og NRK Nynorsk mediesenter deler ut Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.
 
I mai avslører NRK Nynorsk mediesenter kven som får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Førre veka blei det kjent at Maria Parr er kåra til Årets nynorskbrukar 2010. Same kvelden som ho får prisen, kan publikum møte henne i ein samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Dagen etter les Parr på opne arrangement ved to omsorgssenter i Ørsta og Volda. – Det kan vere mykje helse i stor kunst, og vi set stor pris på dette samarbeidet med Ørsta og Volda kommune, seier Widerøe.
 
Breitt kvalitetsprogram
Ingen festspel utan gratisarrangement og mange tilbod til alle som er glade i mat og prat. Heile 14 arrangement har gratis inngang. – Festspela skal vere tilgjengelege for alle, seier Widerøe.
 
I år er det frukost i tunet fredag, og laurdag blir det svart av folk i Ørsta og Volda sentrum kring borda med festspelfrukost og litteratur attåt. Etter festspelgudsteneste i det fri søndag med preike av Margit Lovise Holte blir det som vanleg kyrkjekaffi i tunet.
 
Billettsalet opnar tysdag 13. april. Festspelpass med inngang til alle arrangement kostar berre 1200 kr. Pass og billettar kan kjøpast på www.billettluka.no/aasentunet. Alle billettar kan hentast i Narvesen-butikkar over heile landet eller i resepsjonen i Aasen-tunet. No er også festspelkrus og t-skjorte av året i sal med tekstar av festspeldiktaren Rønnaug Kleiva.
           
Arrangøren Nynorsk kultursentrum tek høgd for at gjestetalet kan bli noko lågare enn før om åra, då om lag 6000 gjester har vore med. – Vi har færre arrangement, og då tek vi ikkje for gitt at publikumstalet blir like høgt som før, seier direktør Ottar Grepstad.
 
 
FAKTA
• Dei nynorske festspela er ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur og blir arrangert i Ørsta og Volda siste veka i juni
• Dei nynorske festspela har vore arrangert kvart år sidan 1992
• Kvart år gjestar 6000 menneske festivalen, og åtte av ti seier dei gjerne kjem att neste år
• Festspelprogrammet 2010 inneheld førebels 42 programpostar
• Fleire av arrangementa i år markerer at Ivar Aasen-tunet er ti år
 
(13.04.10)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Hausten tek til med Nordstoga
Aasmund Nordstoga er først ute på haustprogrammet til Ivar Aasen-tunet. Onsdag 15. september kjem han til tunet med sine populære versjonar av songar frå den norske viseskatten. Ragnhild Hemsing, Edvard Hoem, Olav H. Hauge og Donald Duck er andre namn på den varierte haustmenyen i Aasen-tunet.

Jon Fosse-arkivet er klar til bruk
Jon Fosse-arkivet er klar til bruk. Fredag 10. september får Jon Fosse Den internasjonale Ibsenprisen. Same dagen er forfattarens eige klipparkiv saman med mykje korrespondanse, foto og anna materiale sortert på enkelt vis og tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Sakalav
I det nordnorske talemålet er ein sakalav...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-