Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Terje Aarset om den nynorske songskattenblank
Omslaget til boka "Den nynorske songskatten"
Omslaget til boka "Den nynorske songskatten"
Søndag 22. november handlar det om ord og tonar frå den nynorske songskatten i Aasen-tunet.

– Å lese Den nynorske songskatten er som å vere på konsert og høyre framståande musikarar framføre noko som lyfter ein ut or kvardagen, skreiv Dag og Tid sin meldar om den siste boka til Terje Aarset.
 
Den nynorske songskatten tek for seg historia til femten av dei mest folkekjære nynorske songane, frå ”Blåmann” til ”Det lyser i stille grender”. Det ligg eit grundig og langsiktig detektivarbeid bak omtalane av kvar enkelt song, boka byggjer nemleg på artiklar som Terje Aarset har skrive i løpet av dei siste tretti åra.
 
Aarset har lagt stor vekt på å presentere både tekstene og tonane til songane. – Eg har særleg prøvd å få fram samspelet mellom tekst og tone og ”kappestriden” mellom tonane fram til sjølve tonen eventuelt rår grunnen åleine. Samstundes har eg lagt vekt på å gjere greie for korleis eg har funne fram til dei opplysningane eg legg fram. Stundom er vegen like spennande som målet, skriv Aarset i føreordet til boka.
 
Den nynorske songskatten er både ei oppslagsbok, eit rikt faglitterært kjeldeskrift og spennande lesnad for alle som har interesse for norsk folkesong. På søndag får heile møtelyden vere med i allsong på fleire av desse songane. Magnar Åm spelar piano, Siv Kristin Aurdal er forsongar og syng i tillegg solo på nokre songar.
 
Terje Aarset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har redigert og gjeve ut ei rekkje bøker innanfor emna språk, litteratur, bibliografi, lokalhistorie og musikk. Aarset er aktiv musikar og arrangerer musikk, særleg for kor.
 
– Her har vi årets nynorske bok! Det er i alle høve lenge sidan eg har fått noko så gildt, kveikjande og interessant i hende, og eg trur ikkje eg er så spesielt skrudd i hop at ikkje mange, mange andre vil oppleve det på same viset, skreiv ein begeistra Bjørn Kvalsvik Nicolaysen i Dag og Tid.
 
 
SØNDAG 22. NOVEMBER 15.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Den nynorske songskatten
Kr 100
 
(17.11.09)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Jon Eikemo med Per Sivle-framsyning på Ørsta kulturhus
Onsdag 10. februar kjem Jon Eikemo til Ørsta kulturhus med framsyninga "Ikkje lenger enn min kjærleik rekk".

Dei språklege skilnadene i Noreg aukar
– Dei språklege skilnadene aukar i Noreg, og det er bra, sa direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet då han onsdag lanserte ”Språkfakta 2010”.

Nye forteljingar om Ivar Aasen
Det blir framleis skrive nye forteljingar om Ivar Aasen. Tysdag 26. januar opna ei ny nettutstilling med utgangspunkt i bilete av 20 gjenstandar som Ivar Aasen i si tid eigde.

RSS   RSS

Dagens ord
Gjeng
kjem frå engelsk gang og kan ...  
 
Nettbutikk
Pipe-t-skjortePipe-t-skjorte
T-skjorte med bilete av Ivar Aasen si pipe
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar

KvaSkjer
10. Februar
Jon Eikemo: Per Sivle – Ikkje lenger enn min kjærleik rekk
blank
21. Februar
Språk vest i havet
blank
14. Mars
Familiedag med teikneseriar
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-