Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Nawal El Saadawi i Ivar Aasen-tunetblank
Nawal El Saadawi
Nawal El Saadawi
Måndag 24. august kjem den sterkaste kvinnerøysta i den arabiske verda til Ivar Aasen-tunet.

Der les ho frå bøkene sine og samtalar med direktør Ottar Grepstad. Arrangementet er eit samarbeid med Bjørnsonfestivalen som opnar i Molde onsdag 26. august.
 
El Saadawi sa i eit intervju med Dag og Tid i vår at ho er ikkje eit fredeleg menneske. Ho har både eit fagleg og eit litterært blikk på det som skjer i Midtausten, og veit nok meir om kulturelle motsetnader og vilkåra for kvinner i ulike kulturar enn nordmenn flest. Ho tenkjer skarpt og skriv godt, og eg vonar samtalen kan vere med og rydde i den norske debatten om kulturell og språkleg integrering, seier Ottar Grepstad.
 
Vann rettssak
Nawal El Saadawi er fødd i Egypt i 1931, og er utdanna som lege og psykiater. Ho har skrive meir enn 40 bøker i ein forfattarskap som strekkjer seg frå noveller og romanar til skodespel og sakprosa gjennom meir enn 50 år. Berre to bøker er omsette til norsk: ”Firdaws – kvinne på nullpunktet” (1984) og ”Imamens fall” (1991).
 
Den politiske aktivismen til El Saadawi førte i si tid til at ho blei oppsagd frå stillinga si i Helsedepartementet i Egypt. I 1981 sat ho også fengsla nokre månader. I 2007 saksøkte den øvste religiøse institusjonen i den islamske verda henne for eit skodespel ho hadde skrive. Det blei også kravt at alle bøkene hennar skulle bli forbodne i Egypt. El Saadawi vann rettssaka og vender no tilbake til heimlandet etter to år i USA. Også i åra 1991–96 var ho i eksil i USA, då etter trugsmål frå islamske aktivistar.
 
Nawal El Saadawi er president for Den arabiske kvinnesolidaritetsorganisasjonen, som ho sjølv skipa i 1982.
 
Raust samarbeid     
Nawal El Saadawi er festivalforfattar under Bjørnsonfestivalen 2009. Dette er andre året Ivar Aasen-tunet og Bjørnsonfestivalen samarbeider om forfattararrangement. I fjor gjesta André Brink dokumentasjons- og opplevingssenteret for nynorsk skriftkultur i Ørsta. – Hege Newth Nouri i Bjørnsonfestivalen har raust bydd opp til samarbeid, og vi er svært glade for at dei to institusjonane får til slike arrangement, seier programansvarleg Åshild Widerøe.
 
 
MÅNDAG 24. AUGUST 19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Nawal El Saadawi
Arrangementet er på engelsk
I samarbeid med Bjørnsonfestivalen
Kr 100 / studentar gratis
 
(17.08.09)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Klassisk sommarkonsert i Aasen-tunet
Siri Hovde, Krisztina Eikeset og Sigmund Eikeset serverer klassiske perler frå Bach, Kodaly og Haydn i Ivar Aasen-tunet søndag 1. august.

Møt festspelforfattaren 2011 på Aasens fødselsdag
Den attande festspelforfattaren under Dei nynorske festspela blir presentert på Ivar Aasens 197. fødselsdag torsdag 5. august. Ivar Aasen-tunet inviterer denne dagen både til gratis fødselsdagskake, eit møte med festspelforfattaren 2011 og spesialomvising i utstillinga ”Ivar Aasen i bruk”.

Unik utstilling med Aasen som motiv
Torsdag 5. august held Jostein Mo spesialomvising for utstillinga "Ivar Aasen i bruk".

RSS   RSS

Dagens ord
Kale
er eit ord for tauverk av ymse slag...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
01. august
Klassisk i tunet
blank
05. august
Ivar Aasen i bruk
blank
05. august
Ivar Aasens 197. fødselsdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-