Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Aasen i årstal
Biografi
Verk
1 Sentrale verk
2 Anna sakprosa
3 Skjønnlitteratur
4 Folkeminne
5 Brev og dagbøker
6 Manuskriptutgåver
7 Skrifter i Samling
Bibliografiar
Arkiv
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blankKontakt | Opningstider | Presse
Norsk Grammatik (1864)blank
Elektronisk utgåve (1997) og omtale

Den kjende Norsk Grammatik er ei mykje utvida og omarbeidd utgåve av Det norske Folkesprogs Grammatik (1848). Her kunne Aasen ta omsyn til alt språktilfanget han hadde samla inn etter langferda 1842-46. Han hadde også fått større innsikt i grammatisk teori. Det viktigaste var likevel at han no skreiv ein normativ (føreskrivande) grammatikk for eit nytt skriftmål, ikkje berre ein deskriptiv (skildrande) grammatikk for talemålet. Aasen sette her opp det endelege framlegget sitt til normal for det nye landsmålet.

Boka var samstundes merkt av den motviljen mot landsmålet som eliten i det norske samfunnet hadde synt i striden hausten 1858. I grammatikken var Aasen kvassare og meir offensiv i tonen enn han hadde vore før 1858, og fortala er eit av dei fremste målpolitiske programskrifta me har.

Dette prega òg mottakinga av grammatikken. I rak motsetnad til 1848-grammatikken, men til liks med Symra (1863), vart 1864-grammatikken ikkje omtala i aviser og tidsskrift. Seinare har grammatikken derimot vorte rekna som eit av dei aller fremste språkvitskaplege arbeida i Noreg gjennom tidene.

Aasen sleit mykje då han arbeidde med grammatikken. I 1859 trudde han at arbeidet skulle vera gjort på eit års tid. Når arbeidet tok lengre tid, hadde det fleire grunnar. Han sat med mykje meir målførestoff enn i 1848, og han hadde lese meir grammatikk og måtte difor omarbeida stoffet mykje. Det var òg vanskeleg for han å avgjera kva former som burde koma med i landsmålsnormalen.

Fortala i grammatikken er ei av Aasens aller viktigaste målpolitiske programskrift.

Utgåver
Grammatikken kom i nye utgåver i 1899 og 1965, den siste med latinsk skrift. Fortala er prenta ei rad stader, mellom anna i Skrifter i Samling III (1912). Den elektroniske utgåva frå 1997 byggjer på 1864-utgåva.

Aasen: Norsk Grammatik (1864) [med fortale]
Pdf-fil, 2,1 MB. Elektronisk utgåve 1997.
Skriv ut
blank
Nyhende
Jon Eikemo med Per Sivle-framsyning på Ørsta kulturhus
Onsdag 10. februar kjem Jon Eikemo til Ørsta kulturhus med framsyninga "Ikkje lenger enn min kjærleik rekk".

Dei språklege skilnadene i Noreg aukar
– Dei språklege skilnadene aukar i Noreg, og det er bra, sa direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet då han onsdag lanserte ”Språkfakta 2010”.

Nye forteljingar om Ivar Aasen
Det blir framleis skrive nye forteljingar om Ivar Aasen. Tysdag 26. januar opna ei ny nettutstilling med utgangspunkt i bilete av 20 gjenstandar som Ivar Aasen i si tid eigde.

RSS   RSS

Dagbok
Ilt Mod. Syvende Ark af Ordspr.
blank
KvaSkjer
10. Februar
Jon Eikemo: Per Sivle – Ikkje lenger enn min kjærleik rekk
blank
21. Februar
Språk vest i havet
blank
14. Mars
Familiedag med teikneseriar
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-