(1818-1870). Fødd på Uppistog av Vinje gard i Vinje. Gjekk på Kviteseid hjelpeseminar og vart omgangsskulelærar 18 år gammal. I tillegg dreiv han som gjetar og laga tresko og anna. Gjekk ut frå Asker seminar med beste karakter i 1843.
Var timelærar i dei lægre klassane i borgarskulen i Mandal i 1844-48 samstundes som han følgde undervisninga i dei høgre. Lærde seg språk, las filosofi og skreiv artiklar i m.a. Morgenbladet. Vart kjend med Søren Jaabæk, som vakte interessa hans for politikk. Tok artium ved Heltbergs "Studenterfabrik" i 1850. Vart juridisk kandidat i 1856 og fekk autorisasjon som overrettssakførar året etter.
Gav ut bladet Andhrimner saman med Paul Botten-Hansen og Henrik Ibsen. Kristianiakorrespondent til Drammens Tidende i 1851-58. Artiklane hans var fengslande og vakte både interesse og indignasjon. I 1858 gjekk han over til Ivar Aasens landsmål, men utan å vere bunden av Aasen si form, og tok til å gje ut bladet Dølen, der han tok opp eit mangfald av emne.
Første boka hans var Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1861), ei skildring av ei reise til kroninga av Karl XV i Trondheim i 1860. I 1864 kom Diktsamling, med mange av dei mest kjende dikta hans. Det episke diktet Storegut kom i 1866. Inntrykk frå eit opphald i Storbritannia er samla i boka A Norseman's View of Britain and the British (1863), som seinare kom i norsk utgåve, Bretland og Britarne.
Vart ekstraskrivar i Justisdepartementet i 1865, men miste stillinga tre år seinare fordi han kritiserte regjeringa sin utanrikspolitikk. Forslag til diktarløn vart sendt Stortinget i 1869, men vart ikkje behandla. Døydde fattig og einsam på Gran på Hadeland. Skrifter i Samling kom i 1942-48.
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann. 2001. Cappelen og BIBSYS
Tekstar av Aasmund Olavsson Vinje
Dikt