Velfar til Aasen | Dikt. 1896
Av Rasmus Løland
Stilt gjeng bodet
på folkemunne:
Ivar Aasen
hev kvila funne.
Vidt gjeng bodet
som fuglevengen:
gamle Ivar
er frå oss gjengen.
Gamle Ivar
på likstrå kviler
medan Noreg
i haustgull smiler.
Gamle Noreg
fell ei tåre:
gjæve sonen din
ligg på båre.
Låk var lukka
som livet gav han;
endå mykje
det kravde av han.
For det sagde
til Ivar unge:
«Du skal løysa
dit heimlands tunge.»
Trutt og trufast
han kallet lydde:
arbeid, arbeid
han aldri skydde.
Heile livet hans
vart å stræva
stridt og tungt
gjenom år og æva.
Aldri, aldri
han svikta merket.
Stort var målet
og - stort vart verket.
Noregs tunge,
som ljosrædd hakka,
løyst og fri
kan sin løysar takka.
Takk du gamle,
og kvil i sæle!
Takk frå alle
som du gav mæle!
Frå Rasmus Løland: Skrifter i samling. IV bandet. Oslo: Det Norske Samlaget 1942. Først prenta i Den 17de Mai, 1896, nr. 104. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
| |
|   | | Hausten tek til med Nordstoga | | Aasmund Nordstoga er først ute på haustprogrammet til Ivar Aasen-tunet. Onsdag 15. september kjem han til tunet med sine populære versjonar av songar frå den norske viseskatten. Ragnhild Hemsing, Edvard Hoem, Olav H. Hauge og Donald Duck er andre namn på den varierte haustmenyen i Aasen-tunet. |
| | Jon Fosse-arkivet er klar til bruk | | Jon Fosse-arkivet er klar til bruk. Fredag 10. september får Jon Fosse Den internasjonale Ibsenprisen. Same dagen er forfattarens eige klipparkiv saman med mykje korrespondanse, foto og anna materiale sortert på enkelt vis og tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet. |
| | Friaren Nordstoga i Aasen-tunet | | Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september. |
|
|
RSS
|
 | | Sakalav | | I det nordnorske talemålet er ein sakalav...
| | |
|
 | | 11. september 1871 | | Hos en Fotograf. |  |
|
 | | Nordmannen | | Temaside ved Ottar Grepstad |
| | På parti med språket | | Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".
|
| | Talar og artiklar | | Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene |
|
|
|