Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Den 17de Mai
Dølen
Forfattarar A-E
Forfattarar F-J
Forfattarar K-N
Forfattarar O-S
Forfattarar T-Å
Songar
Andre tekstar
Fedraheimen
Bibel 2011
Sommarlesetips
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blankKontakt | Opningstider | Presse
No reiser kvelden segblank
Olav Nygard
Foto frå Olav Nygard: Dikt i utval. Oslo 1958. av Olav Nygard | Lyrikk | 1923
 
Av Olav Nygard

No reiser kvelden seg i vesterbrun,
han trør på lette føter gjenom tun
og skuggeveven fjell-imillom hengjer.
Det gjeng ei kviskring gjenom kjørr og lyng,
og talatrasten skifter ljod og syng
med avdagsskjelven under sine strengjer.

Men dagen tek sin gangar fast i taum,
tek ferdakåpa på med gullrend saum
og burt frå blåne etter blåne skundar.
Det gular gjenom svale dal og lid
der skuggen ventar natta, brura si,
og ør i sine elskhugsdraumar blundar.

Med linne andardrag stig natta inn,
med myrke lokkar kringum hals og kinn
og herdaduk av alvelette eimar.
Og kløkke lundar, æolsharpe-klang,
ris bljugt som gjenteborn or moderfang
og sviv på lettan fot i svale heimar.

Det gjeng ein sælebiv imillom fjell
so fræa emnar seg og hamsar fell
og undrings-øre augo upp seg vender.
Or djupe himlar slær ein båregong
av evig skapings-gir og sfæresong
som helsar frendeblidt mot døkke strender.


Frå Ved vebande, 1923. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad

Skriv ut
blank
KvaSkjer
21. juni
Prinsessa og dvergane
blank
27. juni
Dei nynorske festspela 27.–30. juni 2013
blank
29. juni
VAMP
blank
Nyhende
Tunpølse frå Åsen
Onsdag 17. april lanserte Aasen-tunet ei eigenutvikla spekepølse, tunpølse frå Åsen. Spekepølsa har ein sydlandsk smak av mellom anna fersk chili og timian, og eignar seg godt til tapas, som pålegg og pizza.

Grenselaust festspelprogram i Språkåret 2013
Tre unge, talentfulle festspelforfattarar har selskap av mellom andre Vamp og Are Kalvø i eit festspelprogram som strekkjer seg både over landegrenser og norske språkgrenser i jubileumsåret for Ivar Aasen. Her er det overraskingar både i innhald, utøvarar og arenaer blant dei meir enn 40 arrangementa i Språkåret 2013.

Programslepp med festspeldiktarane 10. april kl. 20.00
Årets tre festspeldiktarar Lars Petter Sveen, Guri og Sigrid Sørumgård Botheim kjem til Aasen-tunet onsdag 10. april i samband med programsleppet for Dei nynorske festspela. Denne kvelden får publikum høve til å bli betre kjende med dei allsidige forfattarane og dei får samstundes presentert programmet for Dei nynorske festspela 2013. Arrangementet er gratis.

RSS   RSS
 
Siste ytring
5. februar
Godt verktøy
Godt verktøy er halve jobben, blir det sagt.

Dagbok
Heggen begyndt at blomstre.
blank
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre lime M
Aasen-boksar - Herre lime M
Ny farge!
blank
Aasmund Nordstoga: Guten
Aasmund Nordstoga: Guten
Songar av aasmund Olavsson Vinje CD (Warner Music Norway 2013)
blank
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga: Heimafrå
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga: Heimafrå
Universal 2013
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-